Ein arbeidsformann ved ei herøybedrift må sone 28 dagar i fengsel for det tingretten kallar grovt bedrageri mot NAV.

I Søre Sunnmøre tingrett vedgjekk mannen, som er av utanlandsk opphav, at han hadde motteke nær 150.000 kroner frå NAV utan å ha rett på det. Utbetalinga skjedde i form av arbeidsavklaringspengar over eit tidsrom på ti månader frå hausten 2015 og fram til september 2016.

Medan han faktisk hadde jobba 1.214 timar i det aktuelle tidsrommet, førte han opp berre 34 timar arbeid på meldekortet. Opplysningane på meldekortet danna grunnlag for automatisk utrekning og urettmessig utbetaling av til saman 148.918 kroner i arbeidsavklaringspengar, noko som medførte tap eller fare for tap for NAV.

I retten oppgav mannen økonomiske problem som årsak til bedrageriet. Domen på 28 dagar kjem i tillegg til at mannen allereie betaler tilbake 10.000 kroner i månaden til NAV.

Fekk strafferabatt

Med ein dom på 28 dagar fekk mannen ein viss strafferabatt på grunn av at han gav full tilståing for tingretten, samt at liggetida nos NAV på seks månader blei sett på som formildande.

I domen heiter det at utan dei formildande omstenda ville fengsel i 40 dagar ha vore ei høveleg straff.

Grensa for fengsel utan vilkår har høgsterett fastsett til grunnbeløpet i Folketrygda. I den aktuelle perioden var det gjennomsnittlege grunnbeløpet på 91.322 kroner

Den domfelte erklærte at han tok omrømmingstid.