Furene AS ønskjer å flytte all sin aktivitet frå Leikong og bli langsiktig leigetakar i det kommunale utleigebygget Nedre Dragsund 2 (Fristad-bygget).

I den samanheng er det inngått ein intensjonsavtale der partane seier seg samde om at bygget må leggast til rette for den nye leigetakaren. Rådmannen legg no saka fram til politisk behandling med tilråding om at intensjonsavtalen og forprosjektet for den planlagde ombygginga blir godkjent.

Kontor og hall

Slik rådmannen ser det vil det vere positivt å få inn Furene som langsiktig leigetakar, same kva slags eigarstrategi kommunen legg til grunn for framtida.

Avtalen sikrar at store delar av det ledige kontorarealet, og størsteparten av låghallen, blir omdisponert til Furene sine aktivitetar i Herøy.