– Eg vart utruleg skuffa i dag føremiddag då eg gjekk på mi faste rute.

Det skriv ein lesar til Vestlandsnytt etter ein tur i Vikane torsdag.

Den siste tida er det blitt rydda boss over ein låg sko i store delar av Herøy. Difor vart innsendaren både overraska og sjokkert over synet som møtte ho.

– Nokon har kosa seg med grilling i fjøra, men bosset har dei tatt med berre eit stykke på vegen.