Det var fred i Norge, og naziregimet som hadde halde folk i ei klo av terror hadde kapitulert. Dei som opplevde denne spesielle dagen, har fortalt at dei kjende på ei intens glede.

Berre kort tid etter at krigen var slutt, kom historiene, bøkene og filmane. Om Oslogjengen, Gutta på skauen, Heimefronten og Milorg.

Heltar som Max Manus, Gunnar Sønsteby og andre, som dreiv sabotasje bak fiendens linjer, vart heidra som våre aller største heltar- og det er vel fortent.

Men i sigersrusen vart nokre heltar heilt gløymde. Sviket mot norske sjøfolk etter krigen, er ei historie som må forteljast igjen og igjen.

I april døydde Jon Michelet, han rakk akkurat å slutte av bind seks, i bokserien «En sjøens helt», eit bokverk som handlar om krigsseglarane. Mange ser på bøkene som ei oppreising for norske krigsseglarar, men dei fleste som skulle ha heideren, er borte.

Ingen nordmenn vart så hardt og brutalt råka som norske sjøfolk. I handelsflåten mista 3200 personar livet, i heimeflåten måtte 630 personar bøte med livet.

Norske sjøfolk frakta mykje av drivstoffet til dei allierte styrkane, og dei frakta forsyningar og materiell til alle delar av verda.

Den britiske admiral Gerald Charles Dickens sa på BBC i 1941: «Hadde det ikke vært for den norske handelsflåten, kunne vi like gjerne ha bedt Hitler om hans betingelser». Då slitne sjøfolk var ferdig emed krigen, starta ein heilt annan kamp. Ein kamp mot norske styresmakter, det vil seie mot Arbeidarpartiet, som hadde regjeringsmakt og reint fleirtal. Det må leggast til at dei andre politiske partia på Stortinget, heller ikkje engasjerte seg for å hjelpe sjøfolka. Mange sjøfolk som overlevde, hadde fysiske skadar, dei skadane var synlege. Dei psykiske skadane var usynlege, men øydelagde mange liv.

Nokre hadde sove med redningsvesten på, vel vitande om at dersom ein torpedo trefte skipet med bensinlast, var alt håp ute. Når det small, klarte likevel nokre og få tak i ein livbåt, eller ein planke, og overlevde mot alle odds. Dei såg at mange av kameratane drukna i ei svart blanding av olje og sjø, og dei levde med skrika deira, resten av livet. Skal ein prøve å skjøne stresset desse menneska opplevde, må vi djupt inn i psykiatriens lærebøker, og vi skjønar det ikkje då heller. Medisinen mange brukte for å døyve det vonde, var reseptfri. Alkoholen gjorde at mange flotte menneske gjekk til grunne, menneske som ikkje fekk hjelp.

Det var det hemmelege Nortraship-fondet, som var bakteppet for sjøfolka sin kamp mot norske styresmakter. Norske sjøfolk hadde meir i hyre enn britiske sjøfolk, og det var differansen som vart sett inn på det hemmelege Nortraship-fondet, etter avtale med britane.

I avtalen mellom norske og britiske styresmakter stod det at pengane i fondet skulle «krediterast eit fond til beste for sjøfolk etter krigen» Norske krigsseglarar protesterte mot dette og meinte at kvar enkelt sjømann hadde rett til etterbetaling av hyrer. Då saka var handsama i Stortinget i 1948, vart likevel eit fond oppretta for «forsvarleg bruk av midlane». Fleire av innlegga i debatten bar preg av nedlatande haldningar, om at sjøfolka ville sløse vekk pengane, om dei fekk dei.

Det blei rettslege prosessar der sjøfolka kravde hyrer dei meinte å ha til gode frå fondet. Det blei ein lang prosess, som regjeringa vann i Høgsterett den 13. februar 1954. Dette gjorde at mange sjøfolk var svært bitre. Først i 1972 vedtok Stortinget at det skulle betalast ein «ex gratia» sum, som totalt var på 155 millionar kroner. Med dette fekk sjøfolk eller deira etterlatne fattige 200 kroner for kvar månad sjøfolka hadde segla under krigen.

Denne artikkelen fortel ikkje noko nytt, kan hende den til og med er keisam, fordi vi har høyrt og lese om dette så mange gongar. Men denne sida i vår felles historiebok, bør lesast ofte, også av komande generasjonar.

Korleis kunne det skje at heiderlege folk med makt, kunne svikte norske sjøfolk både økonomisk og moralsk? Kvifor var alle demokratiske sikkerheitsventilar ute av drift?

Kan vi forstå og forklare det, vil vi stille mykje sterkare når vi igjen bli sett på vanskelege prøver.