Slår eit slag for Vågsosen

«Vågsosen er ein fantastisk biotop».
Nyhende

Det skriv Odd Kåre Wiik i eit innspel til Sande kommune. Her slår han eit slag for det langgrunne området utanfor Vågselva i inste Gurskevågen.

– Dette er vel kjent, sjølvsagt, men ein skulle likevel gjerne like å vere trygg på at dette vert slik også i overskodeleg framtid. Osen er, på fjøre sjø, fylt opp av svært mange sjøfuglartar, heiter det i brevet.

Wiik opplyser vidare at det langs fjøra er hekkeplass for mobile artar, og meiner det er særleg gledeleg at meir enn eit titals småmåsepar (truga art) hekkar her kvart år.

– Eg meiner området er så verdfullt at det burde ha vore freda på lik line med andre biotopar rundt om. Kanskje er det det allereie? Viss ikkje må vi få til dette, avsluttar han.