Plast og grunnkart med meir

Kampen mot plastforureining held fram ved Runde miljøsenter.

Fordeling: Tilskotet på 1,5 mill. går til ei rekkje ulike miljøretta føremål. 

Nyhende

Runde miljøsenter har rapportert til fylkeskommunen om korleis det fylkeskommunale driftstilskotet på 1,5 millionar, som miljøsenteret blei tildelt for 2018, er tenkt brukt. Oversikta viser ei rekkje tiltak som miljøsenteret vil gjennomføre i inneverande år. Mellom anna vil Runde miljøsenter halde fram arbeidet med å utvikle marine grunnkart på Nordre Sunnmøre ilag med kommunane og fylkeskommunen.

Miljøsenteret vil vidare arbeide med å organisere brukargrupper og forskingsmiljø til å utvikle nye prosjekt i tilknyting til Statens vegvesen sin infrastruktur i Breisundet.

Tiltak mot plastforureining er prioritert. Her er miljøsenteret involvert i arbeidet med oppryddingsmetodikk og metodar for overvaking og kartlegging ved hjelp av sensorar og fjernstyrte farkostar. Det blir òg arbeidd med å finne moglegheiter for forsking og næringsutvikling knytt til problematikken.

Vidare skal miljøsenteret oppretthalde og vidareutvikle internasjonale relasjonar, og publisere minst ein vitskapleg artikkel for året.