Olav Haug Vikebakk er tilsett i Havila

Olav Haug Vikebakk er tilsett som vise-administrerande direktør i Havila Shipping ASA.

  Foto: Havila

Nyhende

Haug Vikebakk tiltrer i stillinga 1. august 2018, heiter det i ei pressemelding.

Vikebakk kjem frå Rolls Royce der han har hatt ulike leiande stillinger, no som Senior Vice President Customer & Service, Europe & Africa.

Frigjer ressursar

Den nye stillinga er opretta for å frigjere ressursar. Administrerande direktør, Njål Sævik, har fått eit større ansvarsområde. Han skal fortsatt ha fullt fokus på offshore-selskapet, men får no meir tid på å utvikle Havila Shipping ASA innan forretningsutvikling og marknadsarbeid.