Iallfall om du er mellom 13 og 18 år gammal. 16. mai går nemleg årets «Grønt Lys» av stabelen utanfor Herøy kulturhus og i Herøy kyrkje.

– 16. mai er ein typisk festdag. Då er det viktig at ungdomane har gode, rusfrie alternativ. Målet med Grønt Lys er å skape ein sosial, kjekk og rusfri samlingsplass.

Det seier Anita Reite Onen, som sit i Grønt Lys-komiteen saman med seks andre samarbeidspartnarar i Herøy kyrkje, KRIK og Frikyrkja.

Tittelen «Grønt Lys» kjem av at deltakarane må ta ein promilletest i det dei entrar arrangementet. Bles dei grønt, får dei vere med. Har dei promille, vert dei utestengde. Alle som bles grønt er dessutan med i trekninga av to gåvekort á 500 kroner sponsa av Sparebanken Møre.

(Saka held fram under bildet)

Grønt Lys-Komiteen: Marcus Johannesen, Øystein Nerland, Sigve Hermansen, Elise Frøyen, Erhard Hermansen og Sindre Rolvsjord. Anita Reite Onen (Fredagstreffet) står bak kamera. Foto: Anita Reite Onen

Volleyballturnering

Det heile byrjar med sandvolleyballturnering ved Herøy kulturhus.

– Dei som vil delta bør melde på laga sine på førehand. Det kan ein gjere på Facebook, seier Onen.

Etter volleyballturneringa vert det premieutdeling ved kulturhuset. Vinnarane får kvar sin grillmeny når arrangementet held fram i Herøy kyrkje.

Fleire turneringar

Ute, ved kyrkja, vert det grilling av pølser og hamburgarar.

– Og så skal vi ha vassballong-volleyballturnering, smiler Onen.

Deretter vert det bordtennisturnering, Kahoot-quiz og andakt i kyrkjekjellaren.

– Vi skal også prøve å få til ein biljardturnering. Ungdomane avgjer sjølve kva for turneringar dei ønskjer å vere med på, og med unntak av volleyballturneringa, treng dei ikkje melde seg på i forkant, seier Onen.

Arrangørane tek sikte på å ha vaksne representantar ved alle postane.