Herøy og Sande lensmannskontor går no opp frå to til fire dagar i veka når det gjeld opningstid. – I tillegg er det også mogleg å ta imot publikum på fredagar, men då etter avtale. Vi prøvar å vere mest mogleg serviceorienterte, seier lensmann Tor Sæther.

Samstundes går lensmannskontoret på Fiskå ned frå fire to dagar i veka.

Herøy og Sande lensmannskontor er i desse dagar i ferd med å gå gjennom dei innkomne tilboda når det gjeld nye lokalitetar. Etter det vi skjønar skal det ha kome inn fire-fem aktuelle tilbydarar på dette området. Alle i området Eggesbønes/Fosnavåg.