Døra open for lokal forskottering

Avhending av Herøy vg skule (HVS) vil spare fylket for 28 millionar kroner i vedlikehaldskostnader.

Kan spare: Avhending vil spare fylkeskommunen for 28 millionar kroner i vedlikehald.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Denne innsparinga synest å vere ein viktig motivasjon for fylket til å seie ja til lokal forskottering av nytt skulebygg i Fosnavåg.

Berre siste året har vedlikehaldsetterslepet på fylkeskommunale skulebygningar auka med 48 millionar kroner. Dette går fram av vedlikehaldsprogrammet for fylkeskommunale bygningar som står på saklista til Utdanningsutvalet sitt komande møte.

Her viser Fylkesrådmannen til at vedlikehaldsetterslepet no er på 1,24 mrd kroner, og interessa for lokal forskottering blir forklart å vere grunnen til at HVS er inne på Utdanningsavdelinga si liste over investeringstiltak i skulebygningar dei ti komande åra. HVS er prioritert som nummer 12 og sist på lista, og står oppført utan talfesta investeringskostnad.

Fylkesrådmannen skriv at Herøy kommune ønsker å greie ut moglegheita for å forskottere ein ny skule i Fosnavåg sentrum som fylkeskommunen kjøper om 10-15 år. Herøy vgs er derfor sett inn nedst i investeringsplanen.