– Det førre banneret vårt rann vekk i regnvêret fordi vi var so teite at vi ikkje brukte vassfast tusj, men no har vi fått oss eit skikkeleg eit.

Fem personar er i full gang med å henge opp eit nytrykt banner på Havila Stadion. På banneret står det med store bokstavar: «MANNSKAPET»

Offisiell supporterklubb

– Ja, no har vi fått oss organisasjonsnummer. Så no er det vel offisielt: Bergsøy har fått supporter klubb! gliser May Helen Hermansen.

Som om det ikkje var nok med eit kjempebanner, har den nye supporterklubben også fått på plass ein del remediar med logoar på. Kanskje mest blikkfangande er deira nye genserar.

– På kampane framover tenkjer vi å selje «bergsøy-stæsj», fortel, Lisa Mari Dragnes. Medan ho viser fram kapsar, pledd, flagg og skjerf.

– Ja, vi drøymer no om buss og då må vi selje nokre t-skjorter til fyrst, flirer Michael Frantsen.

Men, sjølv om det kan høyrast ambisiøst ut, er det heller ikkje meint som berre ein spøk. Gjengen trur dei kan skape so pass med engasjement at slike ting kan bli mogleg etter kvart.

Eksisterande engasjement

At det no har blitt supporterklubb er ikkje noko overrasking, meiner gjengen.

– Engasjementet har vore her ei stund. Det heile var berre eit spørsmål om å få organisert engasjementet og skru det opp eit hakk. Vi vil skape meir liv og røre rundt Bergsøy, forklarar Siv Anita Hermansen.

Ho meiner folk på tribunen tidlegare har sete litt spreidd, men håpar no det blir endå meir sosialt å vere på kamp.

– Vi skal vere der på både borte og heimekampar, fortel gjengen. Dei fem er elles dei som utgjer styret for den nye supporterklubben.

Over 500 i gruppa

Mannskapet si Facebookgruppe har i skrivande stund 521 medlemmar og sjølv om kanskje ikkje alle kjem til å benke seg på tribunen føre kvar kamp, har styret tru på at det er tent ein flamme som skal vere vanskeleg å sløkkje.

– Vårt inntrykk er at engasjementet har kome for å bli, og det er bra for spelarane set stor pris på det, fortel Lena Ihle.

Dei håpar fleire er klare for å mønstre på i Mannskapet og heie Bergsøy til nye prestasjonar.