Det seier teknisk sjef Kjell Martin Vikene. No har kommunen fått brev frå Frostating lagmannsrett om beramming av rettsmøte 4. september på Larsnes.

Då vert det overskjøn knytt til Torleiv Storegjerde sin eigedom innafor området der kommunen planlegg nytt bustadfelt.

Stadig vekk førespurnader

Storehaugen-utbygginga har vore ein langdryg prosess for Sande kommune. Mange av dei som tidleg i planlegginga skreiv seg som interessentar, har undervegs – naturleg nok – funne seg andre løysingar.

– Det er stadig vekk førespurnader, men for oss er det viktig å streke under at denne anken ikkje vil gje noko nye forseinkingar i prosjektet. Det gjeld eit mindre område heilt i enden av feltet, seier Vikene til Vestlandsnytt.

Anbodsutlysing

Prosjektet med Storehaugen har no kome så langt at det er duka for praktisk arbeid med feltet. I første omgang gjeld det tilkomstvegen med tilhøyrande infrastruktur i grøfter.

– Vår konsulent er no i sluttfasen med anbodsdokumenta, som vert lyste ut med det aller første, seier Vikene.

Tilkomstvegen skal gå på skrå frå fylkesvegen langs vestsida av Hallevatnet.

– Målet er at arbeidet med tilkomstvegen kan setjast igang etter sommarferien. Då har vi ein start. Det finst ein del midlar på budsjettet, men det er eit ope spørsmål om det er tilstrekkeleg, seier Vikene.

Han seier at det er ei anna viktig avklaring på gang, nemleg om feltet skal byggjast ut i kommunal eller privat regi. Dette må bli ei politisk avklaring.

Det har ikkje lukkast Vestlandsnytt å få kommentar med grunneigar Torleiv Storegjerde om denne saka.