Gjensidige med melding til båteigarar i fylket

Åtvarar mot båttjuveri

Forsikringsbransjen i Møre og Romsdal fekk totalt meldt nærare 50 tjuveri av eller frå båt i løpet av 2017. No åtvarar dei og ber folk sikre båtane sine.

Arne Voll: Kommunikasjonssjef i Gjensidige åtvarer om tjuveri frå båter i Møre og Romsdal. I fjor måtte forsikringsselskapa punge ut med millionar på grunn av tjuveri frå og av båtar. Foto: Gjensidige  Foto: Gjensidige

Nyhende

Hundrevis av mindre fritidsbåtar blir ribba for store verdiar kvart år. Mykje av utstyret forsvinn til utlandet, heiter det i ei pressemelding frå Gjensidige.

– Vi ser at tjuveriraida går i bølger og at det ofte er organisert. Fleire motorar kan forsvinne frå ei hamn. Nokre dagar seinare skjer det same i nærliggande båthamner, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

50 tjuveri i fylket i fjor

Tal frå Gjensidige viser at forsikringsbransjen i Møre og Romsdal fekk meldt nærmare 50 tjuveri av eller frå båt i løpet av 2017.

Forsikringsselskapa betalar ut fleire millionar kroner årleg etter slike hendingar. Tal frå Finans Norge viser at forsikringsbransjen utbetalte 64 millionar kroner i fjor.

Motortrøbbel

25 prosent av hendingane i Møre og Romsdal er båtmotorar som forsvinn. Alt frå småmotorar til motorar på fleire hundre hestekrefter blir stolne. Dei som toppa popularitetslista blant tjuvraddane er derimot nyare utanbordsmotorar opp mot 50 HK

– I tillegg til dette er det vanleg at det forsvinn utstyr som er lagra i båten. Bensinkanner, GPS og kartplottarar, redningsvestar og fiskeutstyr toppar lista over ting som blir stolne, seier Voll.

Han fortel også at kriminelle, i nokre tilfelle demonterer motorar og tek berre den delen dei er på jakt etter, noko som fører med seg skader på mange titals tusen kroner.

Oppgidd over dårleg sikring

Gjensidige fortel at dei er langt ifrå imponerte når det kjem til sikring av båtar.

– Ein mindre skjergardsjeep med motor har ofte ein verdi frå hundre tusen kroner og oppover. Ofte er det berre ein enkel knute som skil denne frå å bli stolen, seier Voll.

Nokre tips Voll gir er å sikre lause gjenstandar av verdi. Sikre også motor med vaier eller hengelås og merk den med securemark.

Ver også ekstra obs når ein båt står på hengar.

– Står båten på ein hengar, er den bokstavleg talt klar for bortkøyring.