Den norske bestanden er estimert å ligge i underkant av 6000 dyr. Sjølv om selen er rekna som ein sårbar art i Noreg, er han langt i frå populær fleire stadar.

Fram til 1940 blei han, forsøkt utrydda og i tillegg til normal jakt er det framleis kommunar som har skotpremie på han.

Dette skuldast at mange meiner han er ein kraftig konkurrent mot fiskenæringa fordi han konsumerer store mengder fangstbar torsk og laks.

Nyare forsking tyder likevel på at dette ikkje er tilfelle, og at medan selen tek rundt 300 tonn torsk i året, står fritidsfisket åleine for 10.000 tonn.

Fiskekonsumet til selen er eit omdiskutert tema, men ein konstatert fare selen utgjer for fiskefangsten, er spreiinga av parasittar som torskekveis. Kveisen er ein type ringorm som lever i innvolane og kjøtet til fisk. Generelt kan ein sjå at det i område med mykje steinkobbe også er mykje kveis i torsken.

Sårbare ungar

Steinkobben kan utsette fosterutviklinga til ei viss grad for å tilpasse kva tid ungen vert fødd, slik at han kjem til verda når omstenda er mest mogleg gunstige.

Ungane blir fødde i fjøra i månadane juni-juli, og er svært sårbare i denne fasa. Difor burde ein på denne tida av året være litt ekstra varsam om ein vandrar i fjørekanten.

Dersom ein går på ei mor med unge i denne perioden risikerer ein at ho forlèt han for godt. Men ungane blir heldigvis ikkje liggande lenge på land.

Allereie medan dei er inne i livmora feller dei babypelsen og vert fødde godt utvikla, slik at dei vanlegvis kan begynne å trekkje på sjø innan eit døgn etter fødselen.

Nysgjerrig

Selen er ein svært vanleg art i både Herøy og Sande, og kan sjåast både frå land og med båt.

Ved lågvatn ligg dei ofte på skjer og varmar seg i sola. Dersom det er flo er dei ofte ute og sym.

Då er han ikkje alltid like lette å få auge på sidan det berre er hovudet som stikk opp over vassoverflata. Han er derimot eit nysgjerrig dyr og kan ligge lenge og halde auge med deg.

Vanskeleg å sjå: Sjølv om steinkobben ofte held seg i nærleiken for å tilfredsstille nysgjerrigheita ovanfor deg er han ikkje alltid lett å få auge på. Frå Tjørvåg. Foto: Johnny Larsen