YHU midt på treet i Klassequizen

Laget frå Ytre Herøy ungdomsskule gjorde det godt i den fjerde nasjonale semifinalen laurdag. Men det heldt ikkje til finaleplass.

På TV: Programleiar Selda Ekiz med tre av dei fire på Herøylaget: Even Aurvoll Berge, Viljar Myren og Martine Myran. Jenny Nerem Reite var med til Oslo, men deltok ikkje på TV-sendinga.   Foto: NRK/skjermdump frå sendinga

Nyhende

Dei veit mellom anna at ektemannen til kronprinsesse Victoria av Sverige heiter Daniel, at Nelson Mandela var president i Sør-Afrika frå 1994-1999, og at hovudstaden i Albania heiter Tirana. I tillegg veit dei fire tiandeklassingane frå YHU ein heil del anna som sjølv erfarne vaksne ikkje har særleg kunnskap om. Men det er kanskje ikkje meir enn ein kan forvente frå eit lag som har kjempa seg heilt til nasjonal semifinale i Klassequizen. Nivået er nemleg særs høgt.

Kjempa mot åtte andre lag

Ni lag deltok i laurdagens sending av Klassequizen på NRK1. Herøy-laget består eigentleg av fire deltakarar, men sidan berre tre frå kvart lag fekk konkurrere under sendinga, tok Jenny Nerem Reite plass mellom publikum i studio.

Deltakarane måtte gjennom totalt 16 kategoriar med tre spørsmål i kvar kategori.


Herøy-lag i nasjonal semifinale i Klassequizen

Snart skal dei i elden!

Laurdag kveld lyt du skru på TV-en på NRK1 og sjå korleis det går med dei fire tiandeklassingane frå Ytre Herøy ungdomsskule.

 

Intervjua på TV

I presentasjonen av UHY-laget får vi sjå videoglimt både av klassen på skulen, dei tre TV-konkurranse-deltakarane og geografiske kjenneteikn, som Fiskarkona og kaia i Fosnavåg.

Etterpå er vi tilbake i studio, der programleiar Selda Ekiz står klar saman med Herøy-laget.

– Korleis er kjensla no, etter fem rundar, spør ho.

Viljar Myren svarer:

– Eg håper vi har svart rett på ein del, og det ser ganske greitt ut til no.

– Martine, kva har de gjort for å skjerpe kunnskapen dei siste vekene?

– Vi har prøvd å øve litt. Samtidig var det litt vanskeleg å vite kva vi skulle øve på.

– Even, kva vil du seie er den største styrken dykkar, bortsett frå at du er god på bil?

– Det trur eg er samfunnsfag, for det liker vi og synest er spennande alle tre.

(Saka held fram under bildet)

Presentasjon: NRK filma på dei ulike skulane. Her ser vi eit stillbilde frå den vesle snutten frå YHU.   Foto: NRK/skjermdump

 

Fekk 32 poeng

Då dei 16 rundane var over, hadde laget frå YHU ein skår på totalt 32 poeng, i likskap med Meland ungdomsskule i Hordaland. Fire skular hadde betre resultat, med høvesvis 42, 35 og 33 poeng (to skular).

Etter dei 16 rundane, gjekk dei tre beste laga vidare til ein spørsmålsstafett. Dei to raskaste, Marienlyst skole frå Oslo og Børresen skole frå Buskerud, gjekk vidare til finalen, som vert sendt på NRK førstkomande laurdag.

Sjå sendinga