At det skulle bli ein storkonsert med nokre av verdas mest anerkjende musikarar innan den klassiske genren var noko ho fann ut etter kvart. Det byrja med ein titt på gjestelista.

– 30 av gjestane er strålande musikarar, seier Notøy, som etter mange år som fiolinist,

musikkpedagog og kulturadministrator, har opparbeidd seg eit stort nettverk i det klassiske musikkmiljøet i Noreg. Mellom anna har ho kjent den verdskjende bratsjisten Lars Anders Tomter og hans kone Marianne Lund sidan ho var 17 år gammal.

Familien Lund Tomter sulle vere gjestar uansett. Då kom ideen om at vi måtte lage ein fin happening i kyrkja, primært for barn og unge med foreldre frå heile sunnmørsregionen, men også for alle andre som vil oppleve denne garantert fine konserten, seier Notøy.

Konserten går av stabelen i Herøy kyrkje fredag fredag 11. mai.

Sa ja

At Lars Anders Tomter, ein av verdas leiande bratsjistar, takka ja til å spele i Herøy kyrkje, er i seg sjølv spesielt. Men at han i tillegg har med seg fleire andre høgt akta musikarar på denne typen konsert, kan tenkast å vere unikt.

Forutan kona og musikar-barna, Elisabeth og Benjamin Lund Tomter, består mini-symfoniorkesteret av fiolinisten Agnes Elizabeth Pavelich frå Nordfjordeid og den kjende pianisten og kammermusikaren Christian Ihle Hadland.

– Dei skal spele ein såkalla «Brandenburger-konsert nr. 3 av Johann Sebastian Bach, seier Notøy.

(Saka held fram undet bildet)

Lars Anders Tomter frå Hamar er ein norsk prisbelønt bratsj-spiller i den klassiske genre, anerkjent som ein av verdas leiande. Foto: Nicki Twang

Nytt el-flygel til 50.000.

– På ein slik konsert treng ein cembalo-lyd. Eit ekte cembalo (eit slags klaviatur, red. anm.) kostar for mykje, så eg har skaffa eit Yamaha el-flygel med teknisk lyd og touch, seier Notøy.

Flygelet kosta om lag 50.000 kroner, og etter konserten får kyrkja det til odel og eige.

– Det er bra for ungdomsarbeidet i kyrkja; popmusikk og gospel for eksempel, seier Notøy.

– Gjer det for sonen

Konserten kostar totalt 150.000 kroner, som er som vennepris å reine i denne samangeng.

– Lars Anders Tomter og familien hans gjer ikkje dette for honoraret si skuld - dei gjer det for å hylle Andreas, seier Notøy.

Ho har sjølv samla inn om lag 60.000 kroner frå fylkeskommunen, Herøy kommune, Fond for Utøvande Kunstnere, og andre støttespelarar frå lokalt næringsliv.

Program i Herøy

– Musikarane kjem til Hovden på torsdag. Derfrå køyrer dei til Thon Hotel Fosnavåg, som spanderer middag på dei spelande gjestande og på ordførar Arnulf Goksøyr. Deretter vert det øving i kyrkja for å teste lokalet, før gjestane fer vidare til Runde Miljøsenter, opplyser Notøy.

Sightseeing på laurdag

Fredagen går med til øving og storkonsert, men laurdag skal musikar-gjestane vere turistar på Runde.

– Då vert det tur på Rundefjellet, fisketur og båt-sightseeing med Johan Moltu. Søndag skal gjestane frå Eid og Oslo delta på konfirmasjonsgudstenesta i Herøy kyrkje.