Herøystemne på Golleneset i Kvalsvika

Bygdevandring, miljø og senioruniversitetet

Bygdevandring: Ved plattingen der den store krana stod. 

Janne Bareksten  Foto: Leif-Petter Solli

Strandrydding Huldal barnehage  Foto: Eli Strand

Nyhende

Det er kanskje ikkje alle som har fått med seg at Herøy Sogelag har lagt om arbeidet sitt, og i staden for å stelle i stand Herøystemne på Herøy gard kvar vår, så vil dei no samarbeide med dei lokale grendelaga og arrangere bygdevandringar i alle dei gamle skulekrinsane i Herøy. Bygdevandring på Moltu gjekk av stabelen hausten 2017, og søndag 22.april, var turen komen til Kvalsvika.

Kvalsvik Grendalag og sogelaget samarbeidde om opplegget, og det vart bestemt at ein skulle lage eit opplegg om det som hende då moljen vart bygd. Det var starten på den nye tid i Kvalsvika, for «har du molje ,så får du kai, har du kai får du båtrute» , og så vidare.

Mange menneske møtte opp der moljen startar og rusla i flokk og fylgje nordover til Golleneset. Det var ein fin dag, og bygdevandrarane kunne legge merke til at eit par ørner krinsa over dei og også var med på turen nordover. I dette området er det mange restar etter arbeidet med å bygge moljen, både «sår» i fjellsida der ein tok ut masse, og støypte plater der det har vore maskinar. Den største plata ligg ganske nær Golleneset, og den var fundamentet til den største heisekrana. Der er også merke etter ein jarnbane -trase. Jarnbana gjekk på diesel og vart brukt for å frakte stein, nokre av dei kollossalt store, utover den sakte veksande moljen. Dei begynte på arbeidet i 1935 og vart ikkje ferdige før i 1945. Då hadde dei i mellomtida flytta uttaket av stein inn til Nerland, til fjellsida der, men spor etter dette fekk ikkje bygdevandrarane tid til å sjå på, - denne gongen

Eilert Geir Kvalsvik hadde førebudd seg godt og kunne også fortelje om det langvarige og møysommelege arbeidet, heilt frå 1884, med å overtyde styresmaktene om at det var nødvendig med molje i Kvalsvika. Velviljen blant politikarane var ikkje stor, og løyvingane let vente på seg.

No vel 70 år seinare, ser ein den store betydninga moljen hadde for utviklinga i bygda. Ikkje lenge etter kom det kai, så vegar og betre kommunikasjonar, og i 1951 vart det elektrisk kraft. Optimismen var stor, og i 1952 stod eit nytt bedehus ferdig, og det var bygt på dugnad. Etter kvart kom ny skule, og alt dette gjorde livet enklare og lettare for folk. Mange meiner utviklinga og optimismen starta med moljen.

Rusleturen enda til slutt i Olaf- løda, der det var bordplass til heile flokken, om lag 100 menneske. Og Kvalsvik grendalag varta opp med kaffi og nydleg mat til alle saman. Sogelaget hadde funne tak i to nesten gløymde videoar frå midten av 1980-talet. Dei var blitt digitaliserte, og ein kunne syne dei på eit lerret i stort format. Det var det som då var tre gamle folk i bygda, som snakka med ein intervjuar om livet sitt, om slit og strev, heimeliv og arbeidsliv, og om samarbeid og samhald. Dei tre personane var Guri i Rinden, fødd i 1911, Marie i Karlagarden, fødd i 1918, og Ivar i Olafgarden , fødd i 1916. Dei tok folk attende til tida før moljen, og det inntrykket publikum sat igjen med, var at sjølv om det var slit og strev, hadde dei det godt. Samhaldet i bygda var sterkt, og ein måtte hjelpe kvarandre. Dei hadde eit sterkt fellesskap i det harde arbeidet, t.d. i torvspading, i stell av fisk, tresking av korn, eller når dei måtte vaske klede ute og gå lange vegar for å finne vatn. Ei felles «vinne» var det alltid når ein måtte ut i fjellet og løyse dyr som stod fast. Då måtte ein vere minst åtte mann for å greie det arbeidet! Ein fekk diverre ikkje tid til å syne heile videoane, for det hadde teke heile ettermiddagen og vel så det, så det vart berre 10-15 minutt på kvar av dei intervjua, kun ein smakebit.

Styret i sogelaget hadde også laga til ei lita digital forteljing om livet i Kvalsvika på 1950-talet. Teknologien for å gjere dette er enkel, og sogelaget ynskte å dele kunnskapen om korleis ein får det til.

Alt i alt vart dette ein kjekk og lærerik dag, og folk i sogelaget følte at slike opplegg kunne vere eit godt alternativ til det tradisjonelle Herøystemnet. Og Kvalsvik Grendalag, som har rutine frå mange store Kvalsvik-dagar, tok dette arrangementet på strak arm. Sjølvsagt var det også fantastisk å få vere i den flotte løda i Olafgarden. Det var prikken over i-en!

Eli Strand Margrete Kvalsvik Margrete Kvalsvik


Borna i Fosnavåg viser veg

Alle snakkar om plast for tida, men barna i Huldal Barnehage nøyer seg ikkje berre med prat. Nyleg rydda dei Kleivavika reint for boss.

Unødvendig plast er eit tema som opptar «alle». MENY-kjøpmann Jon-Robert Moen merkar at dette er noko som opptar kundane og set i desse dagar i gang fleire tiltak for å redusere plastbruken. Det mest konkrete av tiltaka var å få med barna i Huldal barnehage til å vise at rydding av plast og boss er noko alle kan vere med på.

– Barna var ikkje tunge å be, og stilte opp saman med dei vaksne for å ta i eit tak og rydde unna. I tillegg hadde dei overraskande store kunnskapar om konsekvensane av forureininga i havet.

Gode miljøval

Laurdag 5.mai er den offisielle strandryddedagen og Jon-Robert ynskjer å slå eit slag for dette og har fått laga ein facebook-film med barna frå Huldal Barnehage som han håpar vil inspirere fleire til å ta i eit tak no på laurdag. I tillegg vil han dele ut 500 handlenett til kundar som handlar for over 200 kroner.

-Eg opplever at kundane er veldig opptekne av dette med plast, og då er det viktig at vi som kjøpmenn gjer det enkelt for folk å ta gode miljøval i kvardagen, seier Moen.

I løpet av eit år skal alle MENY-butikkane i landet fjerne all unødvendig eingongsplast som bestikk, koppar, beger og sugerøyr frå butikkane. Alt i mai vil eingongsbestikk i tre vere å finne i ei rekkje butikkar.

Trebestikk

MENY har starta reduksjonen av plast. Eksempelvis er plastbeger i salatbaren og to av plastbegra i ferskvaredisken erstatta med pappbeger. Endringa i salatbaren betyr åleine ein reduksjon i plast på seks tonn per år. Og frå mai tilbyr MENY, som første daglegvarekjede, forbrukarpakningar med eingongsbestikk i tre. Om alle MENY-kundane vel bestikket i tre, vil det føre til ein reduksjon på 2,3 millionar plastbestikk. Neste steg er å fjerne plastkoppar og sugerøyr, slik at kundane ikkje kan velje plast til barnebursdagen eller piknik-korga.

Her må vi berre prøve å ligge i front med å tilby dei beste løysingane for folk, for dette er noko folk er opptekne av og som er viktig for miljøet vårt, seier Jon-Robert Moen.



Plasthavet

Eit altfor aktuelt emne er i fokus på neste møte i Herøy senioruniversitet, nemleg plastikk i havet, i fisk og fugl og mikro- organismer. Vi har visst om plast-problemet lenge, men plutseleg har det eksplodert i offentlegheita. Vi har også sett det lenge, at fjøra vår er full av plastsøppel, at havsulene i Rundabranden byggjer reir av plastsøppel, og at same kor mykje vi rydder, så kjem det stadig meir.

Men det vi ikkje har visst så mykje om, er at plasten vert nedbroten til bitte små partiklar, så små at vi ikkje ser dei nesten. Dette påverkar dyrelivet i og ved havet, og plasten går inn i næringskjedene. Pattedyr får i seg plast som så går inn i blod og vev. Forskarar har til og med funne plastpartiklar i morsmjølk! Eit viktig spørsmål for forskarar i dag er om dette fører til opphoping av gift i næringskjedene, og på den måten fører til skadar både på økosystem og menneske.

Janne Olaug Bareksten er utdanna faglærar i mattematikk og naturfag, men har ikkje jobba i skulen. Ho har ei ganske ny mastergrad innan faget Natur, helse og miljø, frå 2014, og sjølve oppgåva handlar m.a. om dei økologiske konsekvensane av marin forsøpling. No jobbar ho i Gloppen i avfallsbransjen. Janne har såleis både god teori og praktisk erfaring i botnen for det ho vil snakke om på temamøte i Herøy senioruniversitet fyrstkomande onsdag.