– Vi lurte ei stund litt på om det vart noko særleg respons, med fleire bubiltreff andre stadar i fylket. Likevel tok det denne gongen heilt av, og det vart stappande fullt.

Det seier Bjarne Kvalsvik i selskapet havferie.com, som arrangerte treffet.

Han fortel at det er kapasiteten i løa som avgjer kva tid det ikkje vert teke imot fleire påmeldingar.

– Det var berre eit par bilar frå Herøy. Resten kom frå store delar av Sunnmøre og Romsdal. Dei fleste hadde faktisk ikkje vore i Kvalsvika eller for den saks skuld Fosnavåg tidlegare, seier Kvalsvik til Vestlandsnytt.

Han meiner å registrere at det har vore ein markert auke i talet på bubilar ute i området etter at ein starta opp med desse treffa.

Fredag og laurdag vart det servert tradisjonsmat, skrøner, song og musikk. Laurdagskvelden stod Narve Lied for musikken. Tidlegare på dag var det turar både på sjø og land. Johan Moltu tok med folk sjøvegen til fuglefjellet på Runde. Vidare var det grottetur i Ystevika med Atle Kvalsvik som kjentmann. Ved sjøkanten stilte 4H opp med kaféutsal.

Har lova å skape aktivitet

Primus motor Bjarne Kvalsvik har ikkje sett nokon dato for neste treff. Men stadig betre lokal tilrettelegging gjer at forholda betrar seg for kvar gong.

– Elles tøysar eg litt med at til hausten i slaktetida så skal vi ha blodpølsefestival her i Kvalsvika, vi får sjå kva som blir. Men med nyttår gav eg eit løfte til bygda om å lage meir aktivitet i bygda så sant helsa held. De skal eg halde. Det har vore langt meir aktivitet i Olaf-lødå så langt, og vi er tidleg på året enno. No er det tid for konfirmasjonar og andre lag, opplyser han.

Arrangøren nyttar høvet til å skryte av måten bygdefolket stiller opp på. Det er positive folk over heile linja, og dei tilreisande kjem utelukkande med gode tilbakemeldingar både over opplegg og den vakre naturen ute i havgapet.