Innspelinga vart gjort allereie 12. april, så glupingane frå Herøy veit godt korleis den fjerde semifinalen i den nasjonale Klassequizen gjekk. Men resultatet held dei sjølvsagt tett til brystet. Opplevinga i Oslo-studioet snakkar dei derimot gjerne om.

– Vi fekk om lag 50 spørsmål fordelte på 15–16 kategoriar, seier Jenny Nerem Reite.

– Svara skreiv vi inn på ein skjerm, forklarer Viljar Myren.

Klassequizen – ein årleg kunnskapskonkurranse for tiandeklassingar over heile landet – starta med kvalifiserande rundar på radio i mars. Laget frå YHU var eitt av to lag som gjekk vidare frå fylkesfinalen i M & R, og som no kjempar på nasjonal TV i beste sendetid.

Utfyller kvarandre

– Du er heldig viss du får spørsmål i ein kategori du kan mykje om, seier Even Aurvoll Berge.

Og der har tiandeklassingane frå Herøy ein fordel. I tillegg til ein god dose allmennkunnskap er dei nemleg gode på kvar sine «spesialfelt».

– Eg er nok best i samfunnsfag, og så kan eg ein del om bil, seier Even.

Litteratur er han elles ikkje like god på – men det er Jenny.

– Og eg kan ein del om musikk, film og nyheiter, seier ho.

Martine Myran trekkjer fram matematikk, naturfag og samfunnsfag som sine favoritt-kategoriar, medan Viljar Myren er best på fotball og media.

– Spesiell oppleving

På spørsmål om kva elevane kjem til å hugse best frå Oslo-turen, har dei problem med å svare.

– Heilskapen. Vi vil hugse heile turen, seier Viljar.

– Det var kjekt å gjere noko anna enn å sitje i klasserommet. Samtidig lærte vi ein del av å vere med på Klassequizen, seier Martine.

Såg kjendisar

– Ragnhild Sælthun Fjørtoft viste oss rundt i NRK-bygget, seier Even Aurvoll Berge.

I tillegg fekk elevane sjå NRK-profilar som Herman Flesvik, Nicolay Ramm, og Robert Stoltenberg i studio.

Filma i Fosnavåg

Elevane seier dei er spente på morgondagens TV-sending.

– Det vert spesielt å sjå seg sjølv på TV. Eg veit ikkje om eg bør gjere det, smiler Even.

– Ja, særleg når intervjudelen kjem, legg Martine til, med ein liten latter.

– Intervjudelen?

– Ja, dei laga ein introduksjonsvideo frå Herøy.