Sandssokningar og herøyværingar på UKM sin fylkesfestival :

– Ei oppleving eg aldri kjem til å gløyme

I helga reiste fleire ungdomar frå både Sande og Herøy til Stordal for å delta på UKM sin fylkesfestival .
Nyhende

Det heile starta med ei festframsyning med fullsett sal fredag kveld. Veterankonferansier Filip Frøystad var ein av dei lokale som var i elden denne kvelden, og på framifrå vis leia han førestillinga. Dansegruppa RUSH frå Herøy dansa også i fyrste førestilling.

Dag nummer to starta med lydprøver og workshops for dei fleste.

I førestilling 2 var Herøy og Sande representerte med tre innslag. Celina Frøystad gjorde ei emosjonell sang-framføring med Thomas Frekøy Skeide på piano. Amanda Jina Nilsen og Ida Kristine Skrede Halle song duett. Filmskaparar frå Sande viste også fram ei filmatisert novelle, «Abraham hogger ned Isak».

– Å vere med på fylkesfestivalen er noko av det kjekkaste eg har opplevd. Eg gleda meg heilt sidan lokalmønstringa til adrenalinkicket kom og eg plutseleg stod på scena. Det var veldig kjekt å vise fram kva eg har jobba meg fram til. Eg blei kjent med veldig mange folk, ifrå alle palassar rundt om i fylket. Dette kjem eg aldri til å gløyme, fortel Celina Frøystad.

Adrian Helde Remøy og Lisa Bendal viste fram humorfilmen sin «Folk og fe på Sunnmøre» i førestilling 3. Jenny Gjerde Sætre spelte piano og song låten Issues.

– Dette gløymer eg aldri. Dette var mitt 4. år og det vert bere kjekkare og kjekkare for kvart år. Det å møte fleire ungdommar som har same interesse som meg, og det å få inspirasjon til å spele vidare er heilt ubeskriveleg, fortel Gjerde Sætre om helga.

Dei siste sceneinnslaga frå Sande og Herøy var i førestilling 4. Her framførte herøyværingen Thomas Frekøy Skeide og sandsokningen Viola Andersson.

Deltok med kunst

På kunstutstillinga var det to personar frå Sande som hadde kunst. Eirin Lødøen stilte ut ei teikning ho hadde laga. 16 åringen Hallvard Hauge var litt meir utradisjonell og hadde med seg ein heimelaga gokart som han stilte ut.

I manesjen

Bak sceneteppet deltok også fleire i UKM media og som arrangørar. Victoria Myklebust og Emilie Kvalen var begge med i mediegruppa. Mikael Rovde og Olav Beitveit var arrangørar.