Allereie i starten av mars dukkar fuglen opp i fjørekanten, men bestanden er relativt liten. 2000–5000 par er anslått å hekke i område spreidde langs heile kysten vår. Sørøyane er eitt av desse områda.

Overgang mellom and og gås

I vinterhalvåret er hannfuglen og hofuglen like, men tidleg på våren utviklar hannen ein knopp på nebbet. På grunn av fasongen nebbet får no kan gravanda minne like mykje om ei gås som ei and, og vert av somme kalla fagergås.

Men gravanda er som det offisielle namnet seier – ei and. Likevel er ho i familien Tadorna, som vert rekna som ein overgang mellom ender og gjæser.

I år har eg sett merkbart fleire av dei enn eg gjorde i fjor, noko som kan tyde på at mange av fjorårets ungar har overlevd vinteren.

Travelt familieliv

Som namnet antydar kan denne anda å grave. Når ho vender tilbake til norskekysten er ho, slik som alle dei andre trekkfuglane våre, her for å bringe slekta vidare.

For å beskytte egga mot rovdyr gøymer ho dei ofte under naust eller busker, men ho kan også grave hol ca. ein meter inn i bakken og legge dei her. Rundt 10–12 egg vert lagde. Og når dei klekkjer, tek ho med ungane ned i fjøra.

Med eit så stort kull må både mor og far passe avkommet, samstundes som dei leitar etter sniglar og botndyr i mudderet på gruntvassområde. Ut på sommaren er det vanleg å sjå foreldra på symjetur med eit stort ungekull dersom ein køyrer ein tur ut mot Runde og kikar langs sjøkanten. Når dei er på land søv ungane gjerne trygt under vengane til mor.

I august er hekkesesongen over og vi kan sjå større mengder trekkande grav- ender i lufta. Fleirtalet av desse fuglane er årets ungar. Foreldra har allereie reist sørover til Vadehavet for å myte. Det vil seie at dei feller alle vengefjøra samstundes og må vente til dei nye veks ut før dei vert flygedyktige igjen. I denne perioden er dei særs sårbare, noko som er grunnen til at dei søker tryggheit i store mengder på havet.