I vinterhalvåret er vår bestand av tjeld i all hovudsak å finne i England. På grunn av den korte reisa kjem han fram til Noreg relativt tidleg på våren for å hekke.

For det meste kan vi begynne å høyre dei karakteristiske skrika frå tjelden i mars månad, altso samstundes som våren sett inn i landet.

Tjelden er ein vadefugl som jaktar på børstemakk, skjel og sniglar i vasskanten når det er fjøre. Her er han svært effektiv og kan fortære heile 300 muslingar om dagen. Når floda kjem attende og dekkjer matfatet, sit tjelden ofte i grupper på svaberga og ventar på at bufféen skal opne igjen.

Som oftast er tjelden ein monogam fugl, men det hender at ein spesielt slu kar lurer til seg to koner. Paret får fram 2–3 egg som blir lagt i ei utdjuping i fjøresteinane eller på nausttak.

Når egga er lagde vil hannen og hoa bytte på å halde dei varme og når dei er klekte vil dei dele på ansvaret med å fôre ungane.

I all hovudsak er tjelden ein sosial fugl som sjeldan er å finne åleine, men når dei har lagt egg blir dei meir beskyttande og aggressive.

Det hender at ein sint tjeld kan hakke i hel framande fuglar som han føler er ein trugsel for avkommet sitt. Dersom det er større rovdyr på ferde trekkjer han ofte vekk frå avkomet og latar som han er skada for å lure vekk inntrengaren.

Talrik, men sårbar art

På verdsbasis har tjelden begynt å forsvinne frå mange stadar og fått status som nært truga.

I Noreg har bestanden på Sørlandet også hatt ein nedgang, men uansett er han framleis vår mest talrike vadefugl med 50.000 til 100.000 hekkande par kvart år.

Somme stadar har han det faktisk så bra at han rett og slett gir blaffen i å reise sørover for vinteren.

Norsk Ornitologisk Forening har valt han som årets fugl 2018. I august–september begynner fleirtalet av tjeld å seie farvel til dei norske strendene og reiser tilbake til sørlegare land.