– Dette er ein merkedag for Havila-gruppa. Vi har tidlegare eigd andelar i eit eldre hurtigruteskip. No får vi også mulegheit til å eige og drive fire av elleve skip. Det gler vi oss til, seier Sævik.

Tildelinga av dei nye kontraktane blei offentleggjort av Samferdselsdepartementet i dag.

– Regjeringa er opptatt av å sikre eit godt transportilbod for folk langs norskekysten. Vi vil framover behalde dagens tilbod, med daglege avgongar fra 34 hamner heile året og med transport av både passasjerar og gods, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Historisk for Herøy og regionen

Per kallar det ein merkedag for Havila, men dette er ein historisk dag også for heile Herøy og regionen her.

Slik kommenterer ein oppglødd ordførar Arnulf Goksøyr dagens melding om at Havila Kystruten er tildelt kontrakt på fire av dei elleve hurtigruteskipa som skal trafikkere strekninga Bergen – Kirkenes – Bergen frå 2021.

For kommunen sin del betyr kontrakten at vi får nye arbeidsplassar både på land og sjø, som skal styrast frå Mjølstaneset i Fosnavåg, seier Goksøyr.

For drift av skipa skal det byggast opp ein organisasjon med basse på Mjølstaneset. Det er antyda at denne organisasjonen vil føre til om lag 25 nye arbeidsplassar.

Som ordførar må det vere lov å peike på sysselsettingseffekten som ein slik kontrakt vil gi, seier Goksøyr.

Ei anna spennande side av saka blir å sjå om Havila si tunge satsing i ein ny bransje også kan kanalisere andre reiselivsprodukt.

Om skipa skal byggast delvis i utlandet, forventar Goksøyr at det maritime miljøet i Møre og Romsdal vil få levere mykje av utstyret som skal om bord i dei fire skipa.

Eg har gått lenge og venta på ei avklaring om desse kontraktane. At dei no fall ned på rett side er heilt fantastisk, seier Goksøyr.

Hurtigruten: Kontrakter på sju skip

Hurtigruten AS fekk kontraktar på saman sju skip, ei delkontrakt på fire skip og ei på tre skip. Dei skal nytte skip dei allereie har, men som byggast om, slik at utsleppa blir lågare og miljøkrava blir nådd.

Havilaskryt

Samferdselsministeren seier dette om at Havila har nådd fram i konkurransen:

Det er gledeleg at eit norsk reiarlag har lykkast med å nå opp i konkurransen med Hurtigruten AS. Vi har tillit til at Havila-konsernet, som har lang erfaring med bygging og drift av store skip og med sjøtransporttenester langs kysten, vil gi dei reisende ei god oppleving.

Miljøvennleg eigen design

Havyard Group ASA har designa skipa som er 125 meter lange og 20 meter breie. Skipa skal kunne ta 700 passasjerar.

Under dagens pressekonferanse trakk Samferdselsministeren miljøregnskapet fram og at det blir betydleg betre takka vere strengare krav i dei nye kontraktene. CO2-utslippa frå tenesten blir ein firedel lågare enn i dag, seier han.

– Det er positivt for oss at miljøomsyn blei ein del av utveljinga. Havila Kystruten sitt tilbod bygger på den mest moderne teknologi innan miljøvennleg framdrift. Samarbeidet med dei andre selskapa i gruppa har vore avgjerande for dei miljømessige eigenskapane i tilbodet. Eg reknar med at innan dei fire skipa blir levert så vil vi ha kome endå eit langt skritt vidare, seier Sævik i ei pressemelding.

Det er forhandla både med norske og utanlandske verft om oppdraga. Staten står bak anbodet om kjøp av transporttenester på strekninga mellom Bergen og Kirkenes. Det heile vert gjort for å sikre at ein beheld reisetilbodet med anløp av 34 hamner.

Staten er også inne med kjøp av godstransport på strekninga mellom Tromsø og Kirkenes for å sikre tilbodet for varetransport sjøvegen i den nordlegaste regionen av landet.

Den nye avtalen skal gjelde frå 1 januar 2021.

Per Sævik Foto: Havila