Måndag signerte HerøyLAN ein sponsoravtale med Sparebanken Møre.

Sikrar breidde og drift

– Denne avtalen betyr veldig mykje for oss i HerøyLAN. Den er med på å sikre at vi kan tilby eit solid og endå breiare tilbod for våre deltakarar og også våre frivillige. Kanskje kan vi også no utvide aktivitetstilboda som er utanfor dei tradisjonelle LAN-arrangementa, forklarte Carl-Henrik Myrseth Moltumyr og Jon Christian Ulvan under signeringa.

Derfor får dei støtte

– Vi støtter dette fordi det er eit fantastisk rusfritt arrangement som aukar breidda i aktivitetstilbodet i Herøy. Det er også positivt og relasjonsskapande for kommunen, fortel banksjef, Per Ronald Knutsen.