Bourbon Offshore Norway tilpassar seg aktivitetsnivået:

Permitterer på kontoret

Bourbon Offshore Norway har permittert ni av dei tilsette på kontoret i Fosnavåg.
Nyhende

-Vi seier oss leie for å måtte gå til eit slikt steg, men håpet er at dei permitterte kan kome tilbake i arbeid så snart råd er, seier adm.dir. Bjørn Idar Remøy i det franskeigde offshoreselskapet.

Nede på det halve

Etter at dei ni blei permitterte, er det i dag 18 tilsette igjen på kontoret som administrerer 15 offshorefartøy. Administrasjonen er dermed redusert til om lag det halve av då aktiviteten var på det høgste.

Ifylgje Remøy er det aktivitetsnivået og kostnadssituasjonen som har gjort det nød- vendig for Bourbon å redusere talet på tilsette i administrasjonen.

-Men når vi har gått for permitteringar, er det for å sjå an utviklinga med håp om at marknaden kan kome tilbake.

Femten fartøy

Fem av Bourbon sine 15 fartøy ligg for tida i opplag. Av dei resterande ti er to i Nordsjøen. Resten av flåten opererer på meir fjerne farvatn mellom anna, mellom anna i Afrika. Dei ti fordelar seg på seks forsyningsskip, to ankerhandteringsfartøy og to subsea-skip.

Selskapet har for tida ingen båtar i direkte spot, men mange går på brønnbaserte kontraktar. Det vil seie at fartøya blir leigde inn for den tida som går med til å fullføre eit gitt talet på brønnar. Kontraktar på faste periodar er det mindre av.

Når det gjeld framtidsutsiktene har Remøy forhåpningar om eit visst oppsving i aktiviteten framover. Talet på førespurnader er i alle fall aukande, men utan at så mykje av det har materialisert seg til denne tid. Den største spenninga knyter seg til utviklinga av ratenivået, der talet på båtar i marknaden vil ha mykje å bety. Han stiller seg meir tvilande til om ratane vil stige markant.

– Det spørst kva politikk selskapa vil legge seg på når det gjeld å ta båtar ut av opplag. Blir det for mange om beinet så vil vi fort misse effekten av at fleire riggar kjem i arbeid, seier han.

Ingen til sals

Ei positiv avklaring selskapet har fått, er at ingen av båtane som blir drifta av Bourbon Offshore Norway står på lista over Bourbon-fartøy som skal seljast. – 41 båtar av den eldste tonnasjen skal seljast, men der er ingen av våre, slår Remøy fast.