11-12 fiskararbeidsplassar går tapt med salet av ringnotsnurparen Herøy til utlandet. Båten er seld til eit selskap på Færøyane og skal leverast 30. april.

-Tapet av arbeidsplassane er den negative sida av saka. Det positive er at kvotane blir verande igjen i Herøy, seier Eros-reiar Per Magne Eggesbø.

Nesten til topps

Eros-reiarlaget har eigd og drive Herøy etter at dei gjekk saman med Kings Bay og Smaragd og kjøpte Zeta som båten då heitte i 2010. No skal basiskvoten på 500 tonn fordelast på dei tre eigarane, og både Eros, Kings Bay og Smaragd vil dermed nærme seg det nye kvotetaket på 850 tonn.

-Vi kjem ikkje heilt til topps, men blir liggande i underkant av 800 tonn alle tre, seier Eggesbø.

Astronomiske prisar

Prisen på pelagiske fiskekvotar var ein heilt annan enn i dag då Herøy blei kjøpt for åtte år sidan. Dei sist omsette kvotane har gått til rundt hundre millionar kroner for kvart hundre basistonn, noko som verdset Herøy-kvoten til ein halv milliard kroner etter dagens nivå.

-Prisane på kvotar har blitt heilt hinsides all fornuft, seier Eggesbø, og meiner det er heilt umuleg å tene inn igjen kvotekjøp med dagens prisar på ringnotkvotar.

-Sjølv med den prisen vi betalte, skal det godt gjerast å fiske tilsvarande kostnaden med kvotekjøpet, legg Eggesbø til.

Tek sjansen

Strukturering var i tankane allereie då dei kjøpte båten, men ifylgje Eggesbø har struktureringsproblematikken vore eit langt lerret å bleike. Eidesen-utvalet sitt forslag om evigvarande kvotar kokte vekk i kålen under den politiske behandlinga, og reglane er framleis slik dei har vore dei siste åtte-ti åra.

-Vi reknar heller ikkje med at det blir dei store endringane, så difor tek vi sjansen og strukturerer no, seier Eggesbø.

Alternativet ville vere å drive båten vidare. Det ville imidlertid ha medført behov for oppgradering og investeringar, og difor fann eigarane ut at tida for å dele kvotane var den rette no.

Eggesbø ønskjer ikkje å gå ut med kva dei færøyiske kjøparane skal betale for båten.

-Men dei får ein godt driven båt som har vore halden i god stand heilt frå fyrste dag.