Aldri har fleire fått arbeid gjennom Furene

I 2017 losa Furene AS 191 personar til arbeid eller utdanning gjennom dei tiltaka dei utfører i tett samarbeid med NAV.

Søylene med bordtennisballer synleggjer kor mange som er avslutta til arbeid eller utdanning hittil i år. F.v. Eldor Skeide, Kirsti Gaudestad og Olav Stokke  Foto: Furene AS

Nyhende

I ei pressemelding skriv dei at dette er ein kraftig oppgang frå åra før då talet var124. Det gode resultatet skjer trass i at 2017 var eit tøft år for næringslivet på Søre Sunnmøre.

- Dette er eit tydeleg bevis på at arbeidsmarknadstiltaka verkar for mange, seier administrerande direktør Eldor Skeide.

Sjølv meldingar frå NAV seier at arbeidsløysa går nedover i område, er det fortsatt mange som har behov for rettleiing og oppfølging frå deira jobbkonsulentar, heitar det i ei pressemelding frå Furene.

I 2017 var det kring 800 som var innom dei. Dette utgjer ca 1,7% av befolkninga i område.


Avgjerande samarbeid med næringslivet

Ein vesentleg grunn som sjåast i samanheng med resultatet er eit systematisk og tett samarbeid med næringslivet.

- Næringslivet sitt engasjement og sin velvilje er heilt avgjerande for å oppnå desse gode resultata. Bedriftene på si side opplever oss som ein profesjonell samarbeidspartnar, som er på ballen heile tida med tett, god og løysingsorientert oppfylgjing. Dette gjer det enklare for bedriftene å seie ja både til avklaringar, arbeidsutprøving og fast arbeid, skriv Furene.

Gjennom NHO sitt samarbeidsprosjekt «Ringer i Vannet» har Furene etablert faste avtalar med bedrifter som tek kontakt med dei når dei har behov for arbeidskraft.