Vil også ha med Hareid og Ulstein

Advokatar kjempar for tingretten på søre

- Vi meiner Søre Sunnmøre tingrett har ein svært viktig og sentral funksjon for befolkninga på Søre Sunnmøre.
Nyhende

Det skriv 15 advokatar frå regionen vår i eit brev til justisminister Sylvi Listhaug.

Bakgrunnen er at regjeringa har sett ned eit utval som skal vurdere domstolane si organisering. Lokalt har det ei tid vore ei frykt for framtida til tingretten i Volda.

Dei 15 advokatane meiner tingretten på søre er velfungerande, men underbemanna.

Mellom anna er det uheldig at tingretten ikkje har tingrettsdommarstilling som han burde hatt i høve til saksmengde og det befolkningsgrunnlag han skal tene, heiter det i innspelet.

Vil ha med Ulstein og Hareid

Advokatane meiner det utfrå geografiske tilhøve er naturleg at Hareid og Ulstein vert inkluderte i Søre Sunnmøre tingrett sitt ansvarsområde. Desse kommunane heftar i dag under Sunnmøre tingrett i Ålesund.

Det vert i innspelet til statsrådet synt til betring i infrastrukuren på søre, ikkje minst gjennom etableringa av Eiksundsambandet. Om UIstein og Hareid kjem inn under Søre Sunnmøre tingrett sine vengjer, vil domstolen få «ansvar» for 50.000 menneske.

Advokatane ynskjer dessutan at Sunnmøre jordskifterett i Ørsta vert samlokalisert med tingretten. Det bør ein ta omsyn til i den pågåande debatten om nye lokale til tingretten i Volda, seier juristane.

Dei 15 advokatane er: Espen Rekkedal, Cathrin Lid Heilund, Linda Brevik, Cecilie Langva, Thore Heggen, Per Maurset, Lars E. Sande, Per Kjetil Stautland, Nina Prestegarden Vatne, Hege Stenkløv, Reidar Blom, Thomas Lundberg, Roy Henning Haddal, Atgeir Almestad og Jørund Knardal.