Herøy VGS inviterer banebrytande hologram-teknologi inn i undervisninga

– Ææææææhh, eg ser blodårene hans!

Fredag inviterte Fostech yrkesfagelevar på Herøy VGS til å prøve ut revolusjonerande hologram-teknologi som eit verktøy i undervisninga. Dette vil skulen satse på.
Nyhende

– Potensialet som ligg i denne teknologien er enorm. Dette skal vi i Herøy VGS vere forgjengarar på, gliser ein engasjert rektor, Gullik Arve Kjellstadli, medan han ser elevar ved Herøy vidaregåande prøve ut nokre finurlege briller.

Klasserommet er rydda tomt for pultar og stolar. I dag treng dei ikkje skrivesaker. Dagens undervisning skjer nemleg med framtidas lærebøker, teknologi som i bransjen blir kalla «Hollolense».

Hologram-teknologi

Heilt enkelt forklart er teknologien briller som har skjermar i glasa og ein kraftig datamaskin i brillestengene. I tillegg har brillene ei stort mengd med sensorar.

Brillene let brukaren sjå digitale modellar blanda med det vi ser i røynda. Hologrammet kan vere kva som helst slags virtuelt objekt. Det kan for eksempel vere ein 3D-modell av ein motor eller ein menneskekropp. Det kan til dels også behandlast som eit fysisk objekt.

Teknologien tillèt også at fleire personar med kvar sine briller jobbar med same objekt samtidig. Dei treng heller ikkje vere i same rom som deg.

Eit nytt undervisingsverktøy

Håvard Notøy, dagleg leiar i Fostech AS, står og flirer av reaksjonane til elevane som testar ut teknologien.

– Det helse- og sosialfagelevane no får sjå er kroppsdelar og organ i ein menneskekropp, forklarar han.

Dette er framtidas lærebøker, blir vi forklart. Fostech har allereie levert ei rekke med opplæringsmodellar til industrielle aktørar, no vil dei ta teknologien inn i skulen.

– Vi meiner denne teknologien kan gjere undervisninga betre. Kanskje spesielt kan dette hjelpe elevar som har lese og skrivevanskar, men generelt viser forskinga at det faktisk kan auke motivasjonen til elevane med 50 prosent, antydar Notøy.

Han får støtte hjå Kjellstadli som også meiner dette er eit viktig steg i rett retning.

Skal samarbeide

For tida jobbast det no med ein prosjektsøknad som tek sikte på eit samarbeid mellom Fostech, Herøy vidaregåande og forskingsinstitusjonar. Søknaden går ut på å få løyve midlar til å implementere denne hologram-teknologien i undervisninga. Fostech si rolle i prosjektet vil bli å levere innhald som elevane kan nytte seg av i undervisninga. Det kan vere modellar av alt ifrå fiskerbåtar til små motorar til anatomisk korrekte menneske- kroppar.

Forskarar skal finne ut om dette er noko ein bør satse på.

– Aldeles nydeleg

To elevar som meiner dette er fine alternativ til lærebøkene er Kanutte Kopperstad og Edvard Berner Kopperstad Gjerde. Dei er begge heilt inne i ei anna verd når vi spør dei kva dei trur om teknologien.

– Dette er aldeles nydeleg. Dette trur eg blir ein bra måte å lære ting på. Det er mykje lettare å forstå ting når ein ser det rett fram føre seg på denne måten, slår Kanutte fast. Ho studerer helse og sosialfag.

TIP- elevane er også imponerte.

– Ja, so slepp vi alt sølet og rotet. Det er akkurat som i verkelegheita og her er det greitt å gjere feil, seier Edvard Berner.

Både elevane og lærarane er samde. Slik teknologi vil gagne undervisninga. Så står det att å sjå kva tid hologram-brillene for alvor gjer sitt inntog i skulekvardagen.