Skiftar flagg frå norsk til britisk:

48 sjøfolk må gå på land

48 sjøfolk må gå på land når to av båtane som Remøy Shipping har driftsansvaret for, om kort tid skiftar til britisk flagg.

SKIFTAR FLAGG: Remøy Shipping vil framleis ha managementet på NAO Prospector og systerskipet NAO Guardian (bildet), men mannskapsleverandøren blir ny når dei to båtane skiftar flagg. Dermed må 48 skandinaviske sjøfolk gå på land. 

Nyhende

-Vi vil prøve å minimere konsekvensane i antal sjøfolk som blir råka av flaggskiftet, seier Karl Erik Sande som er mannskapssjef i Remøy Shipping.

Flaggskiftet råkar til saman 48 stillingar som i dag er bemanna med skandinavisk mannskap. Etter det planlagde flaggskiftet vil fartøya segle med hovudsakleg britiske og polske sjøfolk.

Flaggskifte i mai

Dei amerikanske eigarane har bestemt seg for å skifte flagg på dei to supplyskipa NAO Guardian og NAO Protector som eit kostnadssparande tiltak. Dei to båtane er i dag registrerte i norsk skipsregister (NOR), men vil få heist det britiske flagget i løpet av mai.

Management vidare

NAO Protector og NAO Guardian er to av til saman åtte Ulstein-bygde supplyskip som seinare blei overtekne av det amerikanske selskapet NAO. Remøy Shipping har hatt driftsansvaret for flesteparten av NAO sine ti båtar, og skal halde fram med å drifte Guardian og Protector også etter flaggskiftet.

Ny bemanningsaktør

Ansvaret for bemanning av båtane vil derimot bli overført til ein annan leverandør.

-Vi har forståing for skipseigarane sine val i ein knalltøff marknad, seier Sande.

Ifylgje Sande har reiarlaget sett i gang eit arbeid, ilag med dei tillitsvalde, for å minimere effekten utflagginga vil ha for det skandinaviske mannskapet på dei to båtane.

RS Crewing

Dei 48 som blir råka av flaggskiftet er tilsette i bemanningsselskapet RS Crewing, der alle tilsette både på eigne båtar og båtar som blir drivne for andre, er samla. Til saman er det i dag i overkant av 200 sjøfolk tilsette i dette selskapet.

Går etter ansiennitet

Sande seier at i slike situasjonar er det ansiennitetsprinsippet som vil vere gjeldande for kven som misser jobben.

-Der er ein del vikarar, og for nokre vil det vere tale om naturleg avgang, så det er enda for tidleg å seie kor mange som må gå, seier Sande.