1680 kilo med søppel blei plukka og kring 70 personar deltok i ryddeaksjonen på Runde

– Vi må stoppe folk frå å hive søppel i naturen!

Laurdag møtte 70 personar opp i nydeleg vårsol på Runde og rydda over 1,6 tonn med bos. No er øya reinare til fuglane kjem attende.
Nyhende

Det er tidleg føremiddag på Runde miljøsenter ein solfull laurdag. Bil etter bil parkerer utanfor og folket strøymer til. Etter litt har kring 70 personar samla seg på senteret.

På bordet er det diska opp med mat til alle dei frivillige, for energien må vere på topp for dei neste timane. I dag skal fugleøya nemleg ryddast for plast og bos.

Takka husmorlaget

Medan dei frammøtte ladar opp, opna vanylvsbaserte Clean Coast arrangementet med å klippe ei snor av søppel. Charlotte Hauge delar så ut blomar til Runde husmorlag.

– De fortener heider for dykkar framifrå innsats for Runde og naturen, seier Hauge.

På Runde har det nemleg vore fjørerydding kvar vår, frå tidleg på 1970-talet. Det var husmorlaget som i si tid tok initiativet, og som organiserte det. Dei seinare åra har stafettpinnen blitt tatt opp av Runde Miljøsenter som saman med Runde grendelag har gjort ryddedagen endå større.

Nils-Roar Hareide får ordet før aksjonen brakar i gang. Han rettar ein spesiell takk til alle borna som har tatt turen for å rydde på ein så fin dag.

– Det øydelegg naturen

I køen for å få tildelt ryddeområde treff vi på ein familie som klør etter å kome i gang. Det er Ranveig Bøthun, Henrik- og Magnus Myklebust. Dei får tildelt registreringsskjema, hanskar og bosposar.

– Vi skal registrere det vi finn slik at vi kan finne ut kvar alt rotet kjem ifrå, fortel Henrik, medan han skriv namnet sitt på skjemaet.

– Då kan vi kanskje finne kven som kastar søppelet og stoppe dei, legg Magnus til.

– Bra vi finn lite

Etter å ha gått langs fjøra og rydda ei stund, er sekkane til dei tre ikkje så fulle.

– Vi har ikkje funne så mykje rot som vi trudde, fortel familien.

Dette er ein bra ting slår dei fast, men at det likevel er søppel å finne er ikkje bra.

– Det er veldig dumt for naturen, for han blir øydelagt. Plastikken vert ikkje broten ned, men blir berre mindre og mindre, fortel Magnus og Henrik som har lært om plastforsøpling på skulen.

Dei tre held fram med ryddinga og til slutt konkluderer dei med at det dei fann var like mykje frå industri som frå enkeltpersonar og at alle som ein må ta ansvar.

– Vi må stoppe folk frå å hive søppel i naturen, seier Henrik som er fornøgd og har hatt ein kjekk ryddedag på Runde.

Ikkje berre Herøyværingar

Sjølv om veldig mange av dagens ryddarar er Herøyværingar finn vi også folk som har tatt turen frå andre kommunar. På tampen av dagen treff vi Janne Farstad som representerer Plastfritt Giske. Ho har kome for å hjelpe til og observere korleis dei gjer det på Runde. Dei skal nemleg sjølv halde ein ryddeaksjon 14.–15. april.

– Dette er ein så positivt lada aktivitet. Søppelrydding er noko alle skjønar. Naturen er allemannseige og eg håpar vi ser ei haldningsendring når det kjem til dette, seier Farstad etter å ha sett alle ryddarane i aksjon i dag.

Flott dag

Etter å ha plukka opp alle sekkane med bos som vart samla inn er det ei fornøgd Charlotte Hauge ved Runde Miljøsenter som kan summere opp dagen.

– Vi har fjerna nesten 1,7 tonn med bos og har til og med fått rydda på baksida av Remøya fordi Goksøyra allereie var rydda av lokalbefolkinga der, skryt ho og takkar for engasjementet.