Ungdomspanelet i Møre og Romsdal fordeler 125.000 kroner to gongar i året til prosjekt for ungdom. Neste søknadsfrist er 1.april. Ungdomspanelet skal fordele 125.000 kroner til tiltak for ungdom.

Støtta blir gitt til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen. Slik vil ungdomspanelet gi ungdomane ein sjanse til å realisere draumeprosjektet.

Stort mangfald blant søkarane

– Vi vil støtte alt som kan glede ungdommen. Kanskje du ønsker å arrangere LAN, pusse opp ein ungdomsklubb eller få ein skatepark.

– Då kan du søke om ungdomsmidlar og få støtte til akkurat ditt prosjekt! Plutseleg har du pengar til å kjøpe inn datamaskiner, ei ny scene eller anna utstyr.

Det seier larsnesingen Urtė Karanauskaitė, som er leiar i ungdomspanelet i fylkeskommunen.

Det stort mangfald i søknadene. Det siste året har ungdomspanelet mellom anna delt ut pengar til nytt utstyr til ein kickboxingklubb, paintball, ungdomshus og barneteater.

Organiserte aktivitetar for ungdom som ulike friluftsturar, temadag og helgeturar har også fått støtte. Andre døme er arrangement som motortreff og LAN.