Tommelen ned for Tjørvåg-kraft

Formannskapet har sett stoppar for planane om kraftproduksjon i Tjørvåg.

NEI TIL KRAFT: Etter NVE si tilråding har Herøy formannskap vedteke å ikkje gi løyve til småkraftproduksjon i Tjørvågelva. NVE konkluderer med at ulempene med utbygginga vil vere større enn fordelane, og kravet i vassressurslova er dermed ikkje oppfylt.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Eit samla formannskap sa nei då Geir Tjervåg sin søknad om løyve til bygging av Tjørvåg kraftverk var oppe på siste møtet. Vedtaket om avslag er i tråd med vurderingane som NVE har gjort når det gjeld kostnader og nytte av prosjektet.

Mellom anna har NVE kome fram til at kostnadene er 73 prosent høgare enn det som er oppgitt i søknaden. NVE meiner eit prosjekt med høgt kostnadsnivå i mindre grad kan bere dei negative konsekvensane som prosjektet medfører.

Kravet i vassressurslova er ikkje oppfylt, då ulempene med bygging av Tjørvåg kraftverk er større enn fordelane, slår NVE fast.

I formannskapet var det fleire som undra seg over det store spriket i kostnadsvurderingane til NVE og søkjaren.

-Eg tippar det er NVE som har dei beste føresetnadene til å vurdere kostnadene i eit slikt prosjekt, sa Per Kristian Furø då formannskapet vedtok å seie nei til søknaden.

Også Naturvernforbundet har stilt seg negative til søknaden på grunn av dei landskapsmessige konsekvensane.