Nye, store kontraktar for ABB

Lindblad expeditions: ABB sitt kontor i Ulsteinvik har teikna kontrakt på mykje av utstyret på cruiseskipet frå Ulstein Verft. 

Nyhende

ABB skal levere ein komplett kraft-, propulsjons- og automasjonspakke til Lindblad Expeditions nye cruiseskip som vert bygt av Ulstein Verft.

Kraft, automatisering, framdrift (Azipod DO) og digitale løysingar i skipet er det ABB som skal ta seg av. Skipet skal ta passasjerar på utforskingstokt til fjerne, arktiske område.

- Det er ei stor glede for oss at reiar og verft valde ABB som partnar på dette prosjektet, seier salssjef Pål Ove Husøy i ABB Marine.

ABB sitt kontor i Ulsteinvik signerte også tidlegare i veka kontrakt med Vard Søviknes. Det gjeld mellom anna utstyr på verdas første elektrisk-hybride cruiseskip med isbrytande eigenskapar, eit skip som vert bygt i Søvika. Det er cruiseskip nummer 100 med ABB sitt Azipod framdriftssystem. ABB leverer eit komplett kraft- og framdriftssystem med en betydeleg batteripakke, heiter det i ei pressemelding.