Ny standard frå Mare Safety

NY BÅT: MARE GTC 900-2VD er bygd etter dei nye tekniske krava til lyfteutstyr. 

Nyhende

Mare Safety skal levere ein ny båt til Edvard Grieg-feltet, der Lundin Norway er operatør.

Båten blir den fyrste som rullar ut av fabrikken og er godkjend etter dei nye tekniske krav til lyfteutstyr på alle faste og flytande installasjonar, mobile offshoreeiningar og lekterar, samt fartøy som driv petroleumsverksemd. Båten ligg klar for levering på hamna i Ulsteinvik.

– Vi har gode referansar på båtleveranser til olje- og offshore, og det er ei stor tillitserklæring at Lundin Norway kom til oss. Vi har gjort vårt ytterste for å forsyne selskapet med ein god og driftssikker båt som tilfredstiller krava til både kunde og regelverk, fortel produktsjef Geir Ove Molvær i Mare Safety.

Molvær seier det er ekstra kjekt å kunne levere ein båt etter dei siste krava til ein ny kunde som Lundin Norway.