Det seier Kåre Jensholm i ein kommentar til at rådmann Olaus-Jon Kopperstad har sendt saka om RDA-tilskot til Jensholmen Nord over til kommuneadvokaten for vurdering.

- Kvifor kan dei ikkje berre vedgå at dei har ei tapt sak, seier Jensholm og viser til at verken kontrollutvalet eller fylkesmannen har kome med innvendingar mot vedtaket der båtlaget blei tildelt to millionar kroner frå RDA-midlane.

No er det gått over eit år sidan vedtaket vart gjort, og difor meiner Jensholm det er på høg tid at pengane kjem på båtlaget sin konto.

- Det har ikkje kome fram noko anna enn at det var eit lovleg vedtak næringskomiteen fatta i februar i fjor. Det kan heller ikkje vere tvil om at det er næringskomiteen som er tildelt ansvaret for å gjere slike tildelingsvedtak. Dermed skulle pengane ha blitt sende straks det var gått tre veker og ingen hadde klaga, seier ein fortørna Jensholm som kallar saka heilt eineståande i RDA-midlane si historie.

-Vil ikkje ha skulda

Tvilen om lovlegheita av vedtaket blei sådd i eit notat som rådmannen skreiv berre tre dagar etter at det omstridde vedtaket blei gjort. Rådmannen tilrådde saka framlagt for kontrollutvalet til lovlegheitskontroll, noko som også blei gjort.

Der blei saka liggande til kontrollutvalet kom med tilbakemelding om at dei ikkje kjende seg kompetente til å gjere den lovlegheitsvurderinga som kommunestyret hadde bede om.

-Eg var tidleg ute med mine betraktingar, og eg vil ikkje ha skulda for at det har teke slik tid, seier Kopperstad og viser til at det var medlemer av kommunestyret som vedtok å be fylkesmannen sjå på saka i slutten av august.

Men rådmannen blei ikkje noko klokare då svaret frå fylkesmannen endeleg kom. Heller ikkje fylkesmannen ville vudere lovlegheita då klagefristen var langt overskriden.

-Dette er noko kommunen sjølv må finne ut, seier direktør Helge Mogstad hos fylkesmannen til Vestlandsnytt.

Han viser til at terskelen er høg for at staten skal gå inn og vurdere lovlegheita av eit vedtak. Då må det vere saker med større samfunnsinteresse enn denne, påpeikar han.

No er det kommuneadvokaten som har fått saka til vurdering, og rådmannen håper han kan ha eit svar å kome med til formannskapet neste veke.

VENTAR: Over eit år etter at næringskomiteen vedtok å løyve to millionar kroner til Jensholmen Nord, er pengane enda ikkje komne på båtlaget sin konto.