Litt ned for Vestlandsnytt i fjor

Vestlandsnytt held likevel stillinga som den nest største lokalavisa i fylket.

vestlandsnytt: Lokalavisa for Herøy og Sande gjekk tilbake i opplag med «moderate» 63 i 2017.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Denne veka kom tala for opplagsutviklinga i 2017 frå MBL og Landslaget for lokalaviser. Vestlandsnytt gjekk tilbake i opplag med 63 i fjor, til 4.360.

For dei andre avisene var det varierande utvikling. Sunnmørsposten auka for første gong på mange år, med 282 til 24.419. Møre-Nytt i Ørsta gjekk ned med heile 294, til 4.560 eksemplar.

Vikebladet Vestposten, avisa for Hareid og Ulstein, gjekk tilbake med 108, til 3.660.

Elles noterer vi oss at Synste Møre i Vanylven gjekk tilbake med 29, til eit netto opplag på 2.185. Mange aviser opplever auke som fylgje av sal av abonnement gjennom såkalla pluss-saker, gjennom nettavisa.