Sande kommune har for mykje pengar på næringsfondet:

Får ikkje påfyll i 2018

Sande har så mykje ståande ubrukt på næringsfondet at kommunen ikkje får påfyll frå fylket i 2018.

BEKLAGELEG: Fungerande rådmann, Oddbjørn Indregård, beklagar at kommunen ikkje får påfyll til næringsfondet i 2018. - Men 450.000 kroner utbetalt til søknader som kom i 2017, vitnar likevel om bra aktivitet, og at fondet gjer nytte for seg, seier han.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Region- og næringsutvalet skal på komande møte fordele seks millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane til kommunale næringsfond i fylket.

Sande, Hareid og Sandøy får ikkje ei krone denne gongen då desse kommunane har ståande fleire hundre tusen kroner på fondet som ikkje er fordelte vidare. Næringsfonda skal brukast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i kommunane.

Sande hadde ståande 588.000 kroner på næringsfondet ved årsskiftet.

Herøy kommune hadde til samanlikning berre 80.000 kroner ståande ubrukte og får tildelt nye 300.000 kroner. I tillegg til grunnbeløpet på 200.000 kroner, får Herøy 100.000 ekstra på grunn av låg distriktsindeks.

Eit vilkår for tildelinga er at kommunane stiller med eigne midlar tilsvarande halvparten av tilskotet frå fylket.

Ikkje flinke nok

Fungerande rådmann Oddbjørn Indregård trur kanskje det kan ha med kommunen si marknadsføring av tilskotsordninga å gjere at dei har ståande såpass mykje i ubrukte midlar.

-Det står om ordninga på kommunen sine nettsider, men vi kunne sikkert ha vore flinkare på det området, seier han.

Meir fornøgd er han med at kommunen faktisk betalte ut så mykje som 650.000 kroner frå næringsfondet i 2017. 200.000 av dette var utbetalingar til søknader som var komne året før. Det betyr at kommunen på det meste hadde ståande så mykje som over 1,2 mill. kroner på næringsfondet i fjor.

-Utbetalingane i fjor vitnar om rimeleg bra aktivitet etter vår målestokk, seier han.

Misser hoppid-tilskot

Herøy kommune går glipp av 55.000 kroner i hoppid-tilskot for 2018 og må nøye seg med 77.000 kroner. Herøy hadde ved årsskiftet 106.000 kroner i ubrukte midlar på hoppid-kontoen.

Om kommunen går glipp av grunnbeløpet på 55.000, får Herøy 40.000 kroner ekstra som følgje av den høge arbeidsløysa som kommunen er råka av.

Sande kommune får 85.000 kroner i nye hoppid-midlar i 2018, og vil dermed ha 155.000 kroner til fordeling på grün- derar i løpet av året.