Utanfor Runde Miljøsenter står det ein ny og underleg konstruksjon. Her har det nemleg blitt etablert eit mobilt, containerbasert anlegg til mottak og behandling av svartvatn frå vakuumtoaletta inne på miljøsenteret. Fokuset, å gjenvinne energi og næringsstoff.

Anlegget er det Ecomotive som står for. Dei er forskings- og utviklingsselskapet i Jetskonsernet. Selskapet har 5 heiltidstilsette og jobbar for det meste med kjeldeseparande og kretslaupsbaserte reinseløysingar.

Onsdag starta dei pilotanlegget og Vestlandsnytt møtte dagleg leiar Ottar Håkonsholm og Daniel Todt, prosjektingeniør, ved anlegget.

Utnyttar toalettvatn

– Vanlegvis har det kome ein bil tre gongar i året for frakte svartvatnet (det som kjem frå toaletta) til eit reinseanlegg. Med dette nye reinseanlegget skal vi utnytte svartvatnet lokalt, forklarar Håkonsholm mens han viser fram anlegget. Han legg så til:

– Det vi gjer no er at vi køyrer svartvatnet opp i ein bioreaktor som produserer gass.

Når vi kikar inn i containeren kan vi sjå to store isolerte sylinder-konstruksjonar. Dette er kjernen i anlegget blir vi forklart. Det er ein såkalla ABR reaktor (anaerobic baffel reactor). Oppgåva den har er å gjere om storparten av organisk stoff som finst i kloakk om til biogass.

– Denne biogassen blir i tur brukt til å produsere varmeenergi i ein gassbrennar. Denne varmen utgjer omtrent 90 % av energien som trengst for å drifte anlegget som betyr at den er svært energieffektiv samanlikna med eit konvensjonelt kloakkreinseanlegg, forklarar Håkonsholm mens han peikar ut kretslaupet i det heile.

Han forklarar at det dei skal finne ut i den fyrste testperioden er kor mykje energi dei produserer.

– Vi har som sagt nok til og drifte anlegget og forhåpentlegvis får vi også eit overskot.

Reduserer slammet med 75 %

– I denne prosessen reduserer reaktoren faktisk slammengde med ca. 75 %. Det vil seie at ein kanskje treng å tømme tanken berre ein gong i året.

Kort fortalt reduserer ein altså slammet med å hente ut energien som ligg i det.

Flytande gjødsel

Som om ikkje bonusen var god nok kan ein få nok eit produkt ut ifrå anlegget. Sjølv om hovudfokus i pilotanlegget er fjerning av organisk stoff og gjenvinning, er det også mogleg og nytte veska ein sit att med etter prosessen.

– Sluttproduktet ein får etter alt dette blir i grunnen ein flytande gjødsel som kan brukast til ulike formål.

Dette er noko som blir forska på fortløpande, for dette er også eit forskingsprosjekt konstaterer Håkonsholm.

Jobba med det ei stund

– Vi har jobba med denne type teknologi i halvanna år med ulike laboratorium-oppsett nede på Ås (NMBU)

Og no er altså tida komen for å teste ut fullskala anlegget. Målet er i fyrste omgang å skaffe driftserfaring og samle data.

– Vi kan seie at det endelege målet er å kunne levere eit reinseanlegg som slepp tilførsel av energi og som gjerne kan produsere meir energi enn berre til drifting.

På spørsmål om kva tid det er marknadsklart seier dei det ikkje er snakk om mange år.