– Motivasjonen for «å vere» er større enn frykta

Elise Nærø (30) er i aller høgaste grad ein kjensleladd person.

Eg var veldig sterkt forelska

Nyhende

- Viss eg vert nervøs og køddar det til, så treng eg at de berre held fram og heng med.

Elise Nærø verkar ikkje eigentleg engsteleg, dåden vesle instruksjonen forlét strupen hennar, backstage i Fosnavåg konserthus.

Dei seks bandmedlemene smiler og nikkar. Medan songaren stod i garderoben, strauk på maskara, festa store sirklar i øyrene, og smurde på eit lag leppestift, sat musikarane bakoverlena i kvar sin stol på naborommet, tilsynelatande i samtale om noko heilt anna enn den nært føreståande konserten. Latter. Avslappa stemning. 15 minutt igjen til action.

– Eg treng kaffi, seier Elise, og set kursen mot maskina med dei svarte bønnene i.

– På The Voice skjønte eg at ein Red Bull eller ein kopp kaffi har oppkvikkande effekt. Kan du forstå det? Koffeinen er min venn, og eg vert veldig glad av kaffi. Her er den kjempegod, seier ho.

Dei siste minutta flyg. Så står dei der, på scena, framfor over 400 tilskodarar. Framfører låt etter låt. Berre to av dei er covra.

– Du veit den kjensla då mora di finn ei gammal dagbok. Slik har eg det no, seier Elise og ler. Og med det har ho truleg fått samtlege publikumarar til å spisse øyra. Neste song handlar om utruskap.

Remøy, 1992: Den vesle jenta trykkjer inn play-knappen på den frittståande kassettspelaren på kjøkenbordet. Ansiktet hennar når akkurat over kanten på bordplata. Blikket vert fanga av det vesle apparatet, medan øyrene konsentrerer seg om teksta og tonane som strøymer ut av dei små høgtalarane. Dei er så viktige at fireåringen har jaga sine tre eldre søsken på dør, så ho får vere åleine i augneblinken. Nesten. Berre mamma får bli verande – for ho er oppteken med å lage mat, og ensar ikkje den vesle forvandlinga i yngstedottera sine auge.

Kassetten har veslejenta fått på Remøy bedehus. Songane er sungne inn av Odd Kåre Rabben. Han er 16 år gammal og har blødarsjukdom. Og han er hivpositiv.

– Nokon fortalde meg historia om denne unge guten som vart dødssjuk etter å ha blitt smitta under ei blodoverføring. Han song «Ei hand å halde i». Eg syntest det var så utruleg fint. Historia var så sterk og så trist ... Eg måtte høyre songen om og om igjen. Då eg hadde lagt meg om kvelden tenkte eg framleis på Odd Kåre Rabben og musikken hans, seier Elise.

Ho trekkjer foten oppunder seg i familiens sofa i daglegstova heime i Fosnavåg. Ein eim av nytrekt kaffi stig opp frå eit turkis krus mellom velstelte negler. Fruktene på stovebordet står førebels urørt.

To svart/kvite portrettfoto av Elise sine barn, ein gut og ei jente, lyser opp veggen over pianoet i det eine hjørnet. Mathias er snart ni, Malin er tre år gammal.

Elise var ikkje stort eldre den gongen med kassettspelaren. Då hadde allereie musikken rukke å gjennomsyre kvardagen hennar.

– Eg kjem frå ein musikalsk familie. Kvar gong nokon laga til selskap vart det forventa at ein song og opptredde for kvarandre. For meg var det heilt naturleg. Eg visste ikkje om noko anna, seier Elise, og smiler ved minnet.

(Artikkelen held fram under bildet)

Vaks opp med musikk: Musikk har vore ein del av Elise sin kvardag så lenge ho kan hugse. Her ser vi ho (til venstre) saman med eit søskenbarn og ein onkel. Foto: privat  Foto: Privat

 

– Eg song mykje med den yngste av søskena mine, Karete, som er sju år eldre enn meg. Ho brukte å hente meg i barnehagen, så vi hadde mykje tid i lag før foreldra våre kom heim frå jobb – også etter at eg byrja på skulen, seier Elise.

Ho nippar til kaffien.

– Hugsar du den duetten mellom Elisabeth Andreassen og Jan Werner Danielsen? (Frå Melodi Grand Prix i 1994, red. anm.) Då var eg liksom Jan Werner, og ho var Andreassen, og så gjorde vi til stemmene våre. I ettertid skjønar eg at vi hadde ei evne til å etterlikne lydar, og det heng tett i hop med musikalitet, seier Elise.

Ho visste tidleg at ho ville leve av musikk.

– Det var mykje takka vere lærarane på barneskulen. Vi song kvar einaste morgon, og vi sette opp skodespel og framsyningar til både jul, påske og sommar. Slik fekk vi mykje sceneerfaring.

Ytre Herøy ungdomsskule, år 2001: Elise er 13 år gammal og overstadig forelska. Kaoset i hovudet hennar kan ikkje eingong samanliknast med kjenslene ho hadde for ein og annan gut på barneskulen. Plutseleg lever den unge jenta for friminutta, der alt handlar om å kome i nærleiken av den kjekke, sprudlande, morosame og utruleg søte guten i tiandeklasse. Om det så berre er for å sitje på same benk i skulegarden.

(Artikkelen held fram under bildet)

Elise har alltid vore eit kjenslemenneske, og som tenåring var ho ofte sterkt forelska. Første gong var i 8. klasse. Kanskje var det då dette bildet vart teke?  Foto: Privat

 

– Gjennom heile ungdomstida var eg veldig driven av kjensler. Eg var eit kjenslemenneske. Ikkje berre var eg ofte forelska – eg var også veldig sterkt forelska. Det har å gjere med at eg dedikerte meg til det som opptok meg. Slik er eg framleis. Eg går liksom inn med «hud og hår», og har vanskeleg for ikkje å engasjere meg i det eller den som fangar merksemda mi. Difor er eg blitt beskriven som ein entusiast. Det lyder i utgangspunktet som noko positivt, men engasjementet skjer ikkje alltid frivillig, og då kan det bli litt slitsamt, seier Elise.

Fosnavåg konserthus, 2. mars 2018: Elise let blikket fare over den fullsette salen.

– Dette er ganske sprøtt. Eg sa at dette kjem til å bli litt som å lese høgt frå dagboka mi. Eg skal ikkje seie kven dette gjeld – og dette verkar sikkert som eit dårleg skalkeskjul – men denne songen skreiv eg på vegner av ei venninne, seier ho.

Songen vart skriven for mange år sidan. Teksta er open og ærleg, nett som i dei andre songane hennar. Og den vitnar om Elise sitt svære engasjement for andre.

Heime fortel ho at låten var skriven som ein slags observasjon.

– Eg følgjer mykje med på kjenslelivet til venninnene mine og lurer på korleis dei har det. Eg skreiv denne songen for ei venninne medan ho stod i ein vanskeleg situasjon der ho lurde på om ho skulle bryte med kjærasten. Då ho høyrde songen skjønte ho at ho ville ut av forholdet, seier Elise.

– Eg prøver ofte å setje meg inn i andre sin situasjon. Om eg til dømes høyrer om eit mord, lurer eg på kva som gjer at mordaren har gått så langt. Korleis har han det? Det betyr ikkje at eg ikkje dømmer handlinga, det gjer eg verkeleg, og eg kan vere ganske streng, men samtidig er eg alltid ute etter å forstå.

Vi blir avbrotne av ein plutseleg lyd frå underetasjen. Elise roper spørjande:

– Hallo?

Ikkje noko svar.

– Er det mannen din som kjem?

– Nei.

Med eitt er ho på beina, skundar seg mot trappa, og roper igjen, ei aning meir nervøs denne gongen.

– Hallo?! HALLO?

Og så ...

– Er det deg? (Elise si røyst er streng no) Du må seie ifrå når du kjem, eg vart skremd! (...) Åja, du kan ikkje snakke?

Plutseleg ler ho. Besøket har visst trekt ei tann.

– Ja, du må ta det roleg no då. Ikkje gå så fort som du gjorde no, du skal gå heilt roleg, så du ikkje får høgt blodtrykk.

Elise vender lattermild tilbake til intervjuet

– Guri, eg vart skikkeleg nervøs. Eg berre; «Eg bur i sentrum!».

– Ja, no kom den omsorgskjensla di tydeleg til uttrykk.

– Eg er stadig oppteken av å optimalisere situasjonen, enten det gjeld meg sjølv, ungane mine eller andre eg møter. Det er vel ei form for omsorg, men kanskje det også heng saman med at eg er sensitiv, både psykisk og fysisk, seier Elise.

At ho er emosjonell har vi fått med oss. Men fysisk sensitiv?

– Ja, eg har sterke sansar. Til dømes opplever eg ting som smak og lukt ganske intenst. Det betyr

ikkje at eg ikkje likar det, men det skal lite til før eg vert stimulert, seier ho.

Dessutan får ho energi av å vere sosial.

– Eg vert «ladda» av å vere med folk. Sånn sett er eg svært ekstrovert. Likevel kan eg grue meg veldig til å vere i eit rom med masse folk eg ikkje kjenner.

Det ser ikkje ut til å vere eit problem på scena, der Elise snakkar til publikum mellom songane, og ho bruker gjerne humor.

– Der ser det ut som at orda fell naturleg. Du ser trygg ut. Kjenner du deg ikkje slik på innsida?

– Absolutt ikkje. For at eg skal klare å snakke framfor folk må eg sette meg sjølv i «modus». Då går eg inn i ei uhøgtideleg og litt fleipete rolle, og prøver å få det til at «Eg kjenner desse folka her, dei er vennene mine». For eg kan vere ganske hard mot meg sjølv, innrømmer Elise.


– Eg er litt engsteleg av meg. Eg kan ha ganske mykje trykk i skallen, og då bombarderer eg meg sjølv med masse unødvendig, bortkasta tankjefjas. Det handlar mykje om korleis folk oppfattar meg. Eg er oppteken av å bli likt. Sånn har eg vore sidan eg var lita, seier Elise.

– Eg kunne uroe meg for at folk syntest eg såg teit ut, var dum, eller hadde rar lyd når eg song. Det har blitt betre med alderen, for det har ikkje klart å stoppe meg frå å vere veldig mykje. Motivasjonen for «å vere» er på ein måte større enn redsla, seier Elise.

Eit døme på trongen til «å vere mykje» er songaren sitt val om å melde seg på The Voice. Men i kvardagen handlar det mest om å tørre å vere seg sjølv.

– Korleis overtyder du deg sjølv til å gjere noko sjølv om du er redd?

– Eg trur det har med verdiane mine å gjere. Eg vil ikkje at andre skal unngå å gjere noko dei har lyst til fordi dei er redde for min reaksjon. Eg er ute etter å forstå og ønskjer at folk skal føle seg vel. Då må eg også kunne gi meg sjølv det armslaget, seier Elise.

Orda kjem ut etter kvart som ho tenkjer dei.

– Ein ber nok preg av å ha vakse opp på ein liten plass. Av og til kan ein vere heilt åleine om å representere noko, og då vert ein på ein måte ganske sterk. Når ein ikkje kan hente motivasjon frå omgjevnadane, må ein finne den inni seg, seier Elise.

Motivasjon har ho. Like fullt er den der, denne frykta for kva andre tenkjer.

– Det seiest at «all PR er god PR», men den er litt heftig på ein liten plass. Eg skal «stikke meg fram her», «syngje der», og er ofte i media. Eg kan bli ganske lei av å sjå mitt eige tryne, og eg er redd for at folk skal bli metta. Men det er jobben min. Korleis kjennast det då for ungdommar, som skal «promotere» sine liv? Dei opplever eit evig press på korleis dei skal framstå, seier Elise.

(Artikkelen held fram under bildet)

Backstage Sjølvpromotering er ein del av jobben. Denne gongen er det korist Randi Gudmundsen (til høgre) som har "bestilt" Instagram-fotografering. Til venstre: Elisabeth Mørland Nesset.  Foto: Bjørnar T. Sævik

 

I mai 2014 kom ho tilbake til Herøy etter å ha budd utanbys med studiar og jobb i åtte år. I bagasjen hadde ho ein sambuar og ein fire år gammal son. Dottera vart fødd nokre månadar seinare.

– Då eg fekk barn vart det viktig for meg å bu nær familien min. Og sjølv om eg saknar det profesjonelle musikkmiljøet i dei store byane, kjenner eg at det er godt å bu her. Eg treng det eg ser utanfor vindauget mitt, seier Elise og viser til sjøen og fjella der ute.

Ho vil bli verande i Herøy, og ho vil halde fram i jobben som songpedagog. Samtidig veit vi at ei anna side av Elise Nærø – den som har ligge i dvale nokre år – har kome fram i dagen med full kraft etter The Voice-eventyret i Oslo. Elise er trass alt skapt for å stå på ei scene.

– Eg tok ein pause medan barna var heilt små, men no var det på høg tid at eg fekk skikkeleg utløp for denne delen av meg, seier ho.

Elise frydar seg over å vere gjenforeina med bandvennene frå studietida.

(Artikkelen held fram under bildet)

Bandet: Alf Lund Godbolt, Thomas Langor, Jo-Martin Grosås Nordbø, Haldor Røyne, Elisabeth Mørland Nesset, Elise Nærø, og Randi Gudmundsen. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

 

– I dag er vi alle profesjonelle musikarar. The Voice var eit springbrett, som gav oss betre moglegheit til å kome saman igjen. I tillegg var det rett timing, seier Elise.

No er planen å spele inn musikk.

– Vi rakk ikkje å gjere det før konserten i Fosnavåg – vi måtte berre kome i gang – men det skal skje i år. Så skal vi spele konsertar, smiler Elise.

Vi gler oss til fortsettinga.