Tydeleg tale frå tilsette og foreldre ved Kvamsøy skule:

– Flyttar frå Sande ved skulenedlegging

Lærarar, foreldra og grendelaget på Kvamsøya kjem med tydeleg tale i høyringa om skule- strukturen i Sande.

Kvamsøy skule: Lærarane på skulen skriv til kommunen at IKT-assistert skule vil bli ei månefart som kræsjar, både med opplæringslova og aktuell forsking. Dei minner om at omstillingsgruppa bestod også av politikarar, og trur gruppa hadde teke med IKT-assistert skule om det faktisk var aktuelt i høve til føresetnadene. Det er enklare å gjennomføre kommunestyremøte «på skjerm» enn skuleundervising, meiner lærarane.  Foto: googlemaps

Nedlegging er som «å pisse seg ut for å halde varmen»

FAU ved Kvamsøy skule

satsing på IKT-assistert læring?: Både lærarane og foreldra på Kvamsøya meiner det er ein særs dårleg ide frå Tverrpolitisk liste for ytre Sande (Sande vest).   Foto: foto frå globalskolen

Nyhende

– Skulen er ein av berebjelkane i lokalsamfunnet vårt. Ein lokalskule kan vere avgjerande når folk skal vurdere kvar ein skal busetje seg.

Det skriv Kvamsøy bygde- og næringslag i ein uttale til saka. Dei minner om at fastlandssambandet er nærare enn nokon gong, og ein strekar under at skulen har stabilt elevtal i åra som kjem.

Lærarane protesterer

Lærarane på Kvamsøy skule har sendt eit fyldig høyringssvar. Dei fortel om godt samarbeid mellom barnehage og skule, godt psykososialt miljø og fagleg tyngde.

– Gjennom fleire år har elevane våre hatt gode resultat og fått god, tilpassa opplæring. Vi kjem til å ha eit stabilt elevtal på om lag 20–25 elevar fleire år framover, heiter det i høyringssvaret frå lærarane.

At elevane skal reise til Gursken ser dei på som uaktuelt, då elevane i verste fall vil få heile fire timars reisetid. Ved innføring av ein slik modell reknar ein med at dei fleste tek med seg borna og flyttar frå kommunen.

Samanslåing av skulane på Kvamsøya og Sandsøya ser dei på som utfordrande.

– Når ikkje besøkande til skulen orkar å kome utover som avtala på dagar med kuling sjø, finn vi det underleg å tenkje på at vi skal gjere dette til ei fast reise for elevar, heiter det.

Ein spør også kvifor skulen skal spare så mykje samstundes som det vert bygt barnehagar, medan det og er ledige plassar i andre barnehagar. Elles oppfattar lærarane tanken om ein IKT-assistert skule som «ein ekstremt dårleg ide».

Tydelege foreldre

FAU ved same skulen seier seg svært skeptiske til at ei 41 år gammal ferje skal frakte elevar. Dei syner også til at det er 11 born i barnehagen på øya, så det grør bra oppunder.

– Vi har gode, kompetente lærarar som har vore tilsette i mange år. Vi har i hovudsak ei god bygningsmasse med plass til alle elevar. Elevane våre seier også sjølve at dei trivst og at dei har det godt på Kvamsøy skule. Vil har grunnlag for framleis drift av vår skule, heiter det i høyringssvaret.

Dei peikar også på det gode samarbeidet med øya sin store arbeidsplass, nemleg Brimer AS (Brimer har tidlegare kome med ein tydeleg, negativ uttale til framlegget om skulenedlegging, red. mrk).

– Vi er ikkje sikre på om Sande kommune i det lange løp faktisk vil spare pengar på å legge ned skulen her på øya. Vi tenkjer at dette vert litt som «å pisse seg ut for å halde varmen», skriv FAU.

Nei til digital skule

Dei føresette nyttar også høvet til å kommentere Sande vest-framlegget om digital skule.

– Dette meiner vi er eit særs dårleg alternativ, då elevar treng den kontakten dei har med ein pedagog. Mange born treng, og har rett på tilpassa opplæring. Vi stiller oss undrande til korleis dette skal løysast i praksis. FAU er elles litt skremde av at Sande Vest ikkje ynskjer lærarar der under ei orientering som skal gjennomførast på Kvamsøy skule.

FAU meiner fagforbundet hadde eit godt innspel rundt tankane om IKT-assistert skule. Konklusjonen? Ein vil behalde skulen som han er i dag. Å leggje ned skulen på ei kringflødd øy er ikkje det same som å leggje ned ein skule andre stadar, er den tydelege meldinga frå foreldra på Kvamsøya.