Det er påmeldt heile 18 innslag som kategoriserer under tittelen «førestilling». Her er det musikk av ulike sjangrar og typer, alt frå visesong til heavy metal. I tillegg er det fleire danseinnslag på mønstringa som er årets høgdepunkt for mange i Sande.

Dessutan – og det er ei gledeleg utvikling – er det heile 15 innslag under kategorien «utstilling». Her finn vi mykje spanande, frå foto, fingermåling, teikning, sying, måleri og anna «snacks» for dei som likar uttrykk som er ferdig produserte på førehand.

Utanom dei framførande og produserande er det fleire påmelde som står bak som arrangørar, nettredaksjon, og som konferansierar.

UKM (Ung Kultur Møtes) er eit landsdekkande tilbod for ungdom i alderen 10 til 20 år. UKM er forankra i kommunane og koordinert av UKM Norge. Dette er ein møteplass for alle kulturuttrykk der eigenaktivitet og meistring står i sentrum, og der ungdom sjølv skal vere aktive i alle prosessar, vert det opplyst til Vestlandsnytt.

Kulturkonsulent Elin Almestad i Sande minner om dei nasjonale måla for UKM:

Nasjonale mål for arbeidet med UKM:

* Synleggjere ung kultur og ungdom sitt kulturuttrykk lokalt, regionalt og nasjonalt.

* Stimulere og utvikle talent blant unge kulturutøvarar. Forløyse kreativitet, gje kulturell dannelse og bidra til deltaking i kunst og kultur.

* Gje meistringsfølelse, nettverk og hindre utanforskap. Bidra til inkludering, likestilling og mangfald.

– Sande har gjennom fleire år hatt stor deltaking på UKM. Ungdommane er med i heile prosessen frå planlegging, informasjon og rekruttering og gjennomføring. Ungdommane er med i alle ledd både som konferansierar, arrangørar og nettredaksjon, seier kulturkonsulenten, som trygt slår fast:

– Vi har svært dyktige, positive og engasjerte ungdomar i Sande!