ConocoPhillips forlenger med Havila

ConocoPhillips held fram som leigetakar av Havila i Tananger.

KONTRAKT: Pe Sævik t.v. har signert ny leigeavtale med Nils Svanberg, direktør for forsynningskjeda, IT og eigedom  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Havila Inves har inngått ny leigeavtale med Conoco Phillips for administrasjonsbygget i Tananger utanfor Stavanger.

Avtalen forlenger dagens leigeavtale, som går ut 2020, til utgangen av 2030. Her er det teke atterhald om at Conoco Phillips får forlenga Ekofisk-lisensen sin utover 2028.

ConocoPhillips har i tillegg mulegheit til å forelnge med ytterlegare tre gonger 5-års opsjonar, og får høve til å kjøpe bygget i framtida.

Per Sævik seier i ein kommentar at Havila Holding er godt fornøgd med den nye leigeavtalen, som er inngått til konkurransedyktige betingelsar.