– Ein strategi for å pleie sinnets helse

Psykologisk førstehjelp stod på agendaen då 2. klasse-foreldra ved Bergsøy skule møtte til foreldremøte førre veke.

Rikke Grevstad Kopperstad: – Eg elskar psykologisk førstehjelp. Kvifor? Fordi det verkar, seier sosiallæraren. Ho bruker verktøyet aktivt i samtale med elevar på Bergsøy skule, Blåhaugen. Torsdag heldt ho føredrag om temaet for foreldra til andreklassingane. Foto: Josefine Spiro  Foto: Josefine Spiro

Det handlar om positivt sjølvsnakk – ein strategi for å pleie sinnets helse

Konsentrerte: Foreldra til andreklassingane ved Bergsøy skule, Blåhaugen lyttar til Rikke Kopperstad sitt føredrag om psykologisk førstehjelp.  Foto: Josefine Spiro

Vil du vite meir om psykologisk førstehjelp?
  • Rikke Kopperstad anbefaler verktøypakken «Psykologisk førstehjelp», laga av Solfrid Raknes.
  • Elles oppmodar ho folk til å gå inn på YouTube og søkje på «psykologisk førstehjelp».
  • Ho anbefaler også appen «SMART» frå RVTS, som handlar om sjølvhjelp til betre psykisk helse for unge vaksne.
Nyhende

– Barna kjenner seg igjen i Erik. Han er ein kompis, seier Rikke Grevstad Kopperstad.

Ei «buktalar-dokke» med eit grønt band rundt panna smiler mot dei frammøtte frå sosiallæraren si hand.

– Eg vil fortelje dykk om Erik ...

Det nærmar seg vinterferie. Erik sin onkel og tante har invitert han med på hyttetur i Stryn. Erik sine foreldre skal jobbe, så dei er glade for initiativet. Men Erik har ikkje lyst. Han klagar på mageknip. Foreldra fryktar magevirus, og kjem fram til at dei ikkje kan sende ein sjuk gut på hytteferie. Han får vere hos bestemora i staden.

Til påske spør onkelen og tanta igjen om Erik vil vere med til Stryn. Denne gongen har han ikkje berre vondt i magen, men også i hovudet. Foreldra finn ei anna barnevakt.

Tida går. Erik får fleire fysiske plager. Han vil ikkje gå på skulen. Åra går. Sjukefråværet stig. På ungdomsskulen får Erik tydelege symptom på depresjon.

– Men historia kunne ha vore annleis, seier Kopperstad.

Lat oss spole tilbake i forteljinga:

… Til påske spør onkelen og tanta igjen om Erik vil vere med til Stryn. Denne gongen har han ikkje berre vondt i magen, men også i hovudet. Då lurer onkelen til Erik på om guten sine fysiske symptom kanskje hadde noko med hytteturen å gjere. Onkelen har nemleg delteke på eit foreldremøte i klassa til sine eigne, der dei snakka om at engstelege tankar ofte kan gøyme seg bak andre symptom. Onkelen inviterer Erik på pizza, og dei tek seg ein god prat. Då er det ikkje vanskeleg å få hol på byllen. Erik fortel at han rett og slett er redd for å ta skiheisen. Onkelen vil vite kvifor. Erik set ord på kva for engstelege tankar han har rundt dette. Kva om skjerfet heng seg fast i heisen og han ramlar? Kva om dei andre ler av han? Tenk om han tissar seg ut på veg opp! Så snakkar dei litt konstruktivt om kva onkelen kan gjere for å hjelpe Erik med skiheisen. «Eg kan ta heisen saman med deg. Fleire gongar til du kjenner deg trygg».

– Onkelen hjelper rett og slett Erik til å erstatte dei engstelege tankane med ein tanke om at dette kjem til å gå fint. Han hugsar frå foreldremøtet at der var noko som heiter «grøne tankar» – tankar som gjer ein litt tryggare og modigare. Denne eine grøne tanken om at onkelen skal hjelpe han får Erik til å tru på at han kan bli med på skiferie, og at det skal gå fint, seier Kopperstad.


Onkelen foreslår at foreldra kan kontakte sosiallæraren eller helsesystera på skulen. I samtalane med sosiallæraren kjem det fram at Erik er engsteleg for mange ting. Det gjer mellom anna at han har problem med å sove.

– I samtale med sosiallæraren byrjar Erik å forstå at tankane hans skapar kjensler. Han får rett og slett hjelp til å hjelpe seg sjølv, og til å ta grep om sine eigne tankar. Men han treng støtte frå foreldra og medelevar, som også har lært om raude og grøne tankar på den skulen han går på, seier Kopperstad.


Vi har alle ein indre kamp mellom såkalla «raude» og «grøne» tankar i oss, ifølgje Kopperstad.


– Når dei raude får dominere går det utover sjølvbildet vårt, og dermed også vår evne og motet vårt til å tørre å gjere heilt normale ting. For ungdommar kan det til dømes handle om å gi ei presentasjon framfor klassa. For mindre barn kan det dreie seg om å lese høgt i klassa eller overnatte hos ein kompis. Tankar kan setje seg som spor i hjernen. Det er godt å vite at ein kan bryte det tankemønsteret. Psykologisk førstehjelp er ein strategi for å pleie sinnets helse; eit opplegg for å førebygge angst og depresjon, seier ho.


Ho meiner tusenvis av ungdomar får «misforstått omsorg» på skulen.

– Dei tør ikkje stå framfor klassa. Kva gjer lærarane og foreldra? Jau, dei seier: «Du skal sleppe», i staden for å snakke med ungdomen, og la han eller ho få øve seg på ein annan tenkemåte. Ofte skal det lite til for å få til ei endring, seier Kopperstad.

Dei grøne tankane handlar om å snu den negative tankespiralen, slik at den vert positiv: «Jau, eg klarer det». «Eg er betre no enn før». «Eg er bra nok».

– Som skule og foreldre ønskjer vi å gjere ungane robuste nok til å gjere normale ting. Det viser seg at engstelege barn som ikkje får hjelp, ofte vert meir engstelege og kan utvikle psykiske problem. Men psykologisk førstehjelp er ikkje berre for engstelege barn, seier Kopperstad.

Tidleg innsats og førebygging kan faktisk gjere at du ikkje mister motet om du til dømes skulle miste jobben ein dag, trur ho.

– Då kan det vere lett å få ein spiral av negative tankar – men så kan du ta fram det du lærte på skulen om raude og grøne tankar. Alle treng det.

Sosiallæraren rår dessutan foreldra til å vere bevisste på korleis dei pratar om andre, om seg sjølv, og om eigne kjensler rundt barna.

– «Eg hatar å gå til tannlegen, det vert forferdeleg og det kostar mykje». Haldningane dine smittar over på barna, og det er alvorleg, seier ho.

Mot slutten av føredraget ber Kopperstad foreldra snu seg mot sidemannen og spørje kva han eller ho meiner er viktigast av det dei er blitt fortalt. Vi snur oss mot han som sit bak, Lasse Myrhol.

– Det viktigaste for oss som foreldre er dette med smitteeffekt. Vi må unngå baksnakking, og heller framsnakke andre, enten det er foreldre, lærarar, medelevar eller naboar, seier han.

Saka held fram under bildet.

Illustrasjon: Foreldra fekk tildelt dette arket med ein illustrasjon som tydeleg viser forskjellen på raude og grøne tankar. Illustrasjon: Per Finne.  Foto: Josefine Spiro

Kopperstad skulle gjerne sett at alle skular og barnehagar nyttiggjorde seg av dei verktøya ho sjølv bruker i samtalar med elevar.

– Eg skulle verkeleg ønskje at ein frå politisk hald let alle skular og barnehagar få kjenne til og bruke psykologisk førstehjelp, seier ho.

I Herøy veit vi at strategien vert brukt i enkelte barnehagar, og at Blåhaugen bruker den i si satsing på såkalla sosiale ferdigheiter. Vestlandsnytt veit ikkje om andre skular i Herøy som har ein eigen sosiallærar, men alle har ei helsesyster, som elevar kan snakke med om ting dei slit med.