På tysdag var fiskeriminister Per Sandberg på sunnmørsvisitt, og ettermiddagen brukte han i Fosnavåg saman med leiinga i Sølvtrans. Her fekk han vitje det som ifølgje utviklarane er verdas fyrste brønnbåtsimulator. Med god hjelp frå brønnbåtkapteinen Arnt-Johan Karlsen fekk fiskeriministeren til og med prøve å legge simulator-båten inn til ei laksemerd. Dette skjedde utan store vanskar for Sandberg.

– Sjå no folkens, ta bilde før det går gale, fleipa han då han klarte å manøvrere båten inntil merden.

Utruleg komplekst

– Å få prøve og sjå korleis brønnbåtane opererer har gitt meg nokre svar på korleis ulike hendingar kan oppstå. Slik teknologi er uhyre viktig for å få kunnskap og forstå kor komplekse problema rundt alt ifrå rømming til sjukdom i merdane fungerer, sa fiskeriministeren etter å ha fått ein grundig gjennomgang av teknologien i simulatoren.

Han er glad for å sjå at simulator-teknologien er rusta med komplekse datamaskinar som kan simulere sjølv harde vêrforhold. Dette meiner han er viktig med tanke på vidare utvikling innan oppdrettsnæringa. Han peiker som eit døme på offshore-oppdrett og korleis simulator-teknologi kan vere med på å kvalitetssikre slik framtidig næring.

Går mot lukka system

– Eg har ikkje lagt skjul på at vi går mot lukka system, mot brønnbåtar og lukka slaktemerder, konstaterte Sandberg og la til.

– Eg er rimeleg sikker på at den brønnbåtteknologien vi ser her i dag kjem til å bli eit krav etter kvart.

Han meiner at den teknologien som blir presentert frå brønnbåtnæringa peiker på kor viktig det er å finne den beste kunnskapen.

– Løysinga ligg i forsking og teknologi. Eg kjem til å ta med meg den kunnskapen eg har fått og kvalitetssikre den. Eg har fått gode innspel gjennom dette besøket, sa Sandberg og takka for seg.

Set sine lysingar på agendaen

Ein av dei som tok initiativet til å få fiskeriministeren på sunnmørsbesøk var Harald Tom Nesvik, ansvarleg for informasjon og samfunnskontakt i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans.

– Målet vårt har vore å vise Sandberg korleis vi opererer i havbruksnæringa. Vi har hatt møte med han i forbindelse med bekjempingsplanen for PD som han jobbar med. Vi har gitt han erfaringsbasert kunnskap vi håper statsråden kan ha nytte av når det kjem til bekjemping av både sjukdom og lakselus, sa Nesvik om besøket.

Han siktar då til nokre av Sølvtrans sine filtreringsløysingar og vassbehandling mot lakselus.

Mangfaldig trening

Brønnbåtsimulatoren i Fosnavåg er komen på plass gjennom eit samarbeid mellom hovudpartnarane Sølvtrans, FOSAC, MMC First Process og OSC i Ålesund. AKVA Group og Rolls-Royce Marine har også bidratt med datamodellar.

Den nye simulatoren, som var opna 15. januar, gjer det mogleg å operere avanserte kontrollsystem for vassbehandling og fiskehandtering, samt regelverk og forskrifter. Dette integrert med navigasjon og manøvrering rundt oppdrettsanlegg under ulike vêrforhold skal gi aktørane krevjande øvingar.

Arbeidsoperasjonar på dekk, inkludert bruk av heisekraner, kan det også trenast på.

– At vi no får på plass ein simulator der ein kan trene på ulike operasjonar under ulike forhold i trygge omgivnadar gjer at vi som reiarlag kan tilby eit enda betre produkt til våre kundar, avsluttar Nesvik.