Minst ti månader for Havila-fartøy

KONTRAKT: Havila Crusader (2010) har fått kontrakt på ti månader i Østersjøen, med opsjon på ytterlegare sju månader. 

Nyhende

Havila Shipping har inngått kontrakt med Allseas for PSV-fartøyet Havila Crusader. Avtalen er på 10 månader med opsjon på ytterlegare sju månader.

Havila-direktør Njål Sævik er fornøgd med avtalen:

-I dagens marknad er det bra å få på plass ein slik kontrakt. På den eine sida gir det oss ei stabil inntekt, og for det andre blir det eitt fartøy mindre i spotmarknaden som konkurrerer om et begrensa tal på oppdrag, seier Sævik.

Havila Crusader skal operere i Østersjøen og startar på oppdraget i løpet av sommaren.

Offshore-marknaden hadde eit veldig dårleg fjerde kvartal, og er nesten ferdig med eit fyrste kvartal 2018 som også ser ut til å bli dårleg. Bransjen meiner derimot å sjå ei lysning fram mot våren og sommaren.

-Eg håper vi kan greie å begrense talet på skip som blir tekne ut av bøyene når opp- gangen startar, seier Sævik.