Fulltinga Møre-stand på Nor-Fishing

MØRESTAND: Fylkesordførar Jon Aasen på besøk hos Jon Arne Lillebø og Jon Gotten på Møre-standen under messa i 2014..  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune får 192 kvadratmeter å boltre seg på under årets fiskerimesse i Trondheim. Standen er per dags dato fulltinga.

Dette blir tiande gongen Møre og Romsdal fylkeskommune samlar kommunar og bedrifter på eigen stand der det varierte og omfattande næringslivet relatert til fiskerisektoren i fylket får profilere seg.

Herøy kommune har vore mellom dei faste deltakarane på Møre-standen, saman med eit fåtal andre kommunar. I år får Herøy selskap av Midsund og Giske, samt Ålesund (region) og Kristiansund/Nordmøre.

I tillegg har sju-åtte bedrifter sikra seg plass på standen, og fylkeskommunen vil òg prøve å hjelpe andre interesserte som av ulike årsaker ikkje har greidd å sikre seg plass på messa.

Nor-Fishing går av stabelen i dagane 21. til 24. august.