Mattilsynet har godkjent planane for utbygging av Gjerdsvika vassverk til også å omfatte leveransar til Gursken vassverk sitt forsyningsområde.

Sande kommune har gått fleire rundar med korleis ein skal forbetre vassforsyninga i Gjerdsvika og Gursken. Helst ønskjer kommunen å ta i bruk Sandvikvatnet som kjelde for nesten heile kommunen, men Mattilsynet innser at det vil bli ei omfattande utbygging som må takast over fleire år.

Difor blir det lagt opp til ei to-trinns utbygging av Gjerdsvika, der fyrste trinn blir utbygd uavhengig av om Sandvikvatnet blir valt eller ikkje.

Mattilsynet meiner det er ein fornuftig tilnærmingsmåte som no blir valt for Gjerdsvika og Gursken.

Vi kan godta at ein held fram med å levere vatn som ikkje er fullverdig reinsa i ein avgrensa periode (byggetrinn ein), skriv seksjonssjef Lennart Floyd Berge i godkjenningsbrevet til Sande kommune.

Må følgje tidsplanen

Godkjenninga er gjort under føresetnad av at tidsplanen blir følgd utan store forseinkingar. Det betyr at det i løpet av året må avgjerast om ein skal gå for Sandvikvatnet som råvasskjelde, eller om Gjerdsvika vassverk skal byggast ut ytterlegare.

Om Sædalsvatnet blir valt som framtidig kjelde, forventar vi at byggetrinn to blir ferdigstilt innan utgangen av 2021. Om ein går for Sandvikvatnet, forventar vi at den framlagde planen blir følgd, noko som betyr ferdigstilling innan 2025, heiter det i godkjenningsvedtaket.

Bakgrunnen for saka er den ressurskrevjande drifta av dei to vassforsyningssystema i Gursken og Gjerdsvika. Begge slit med gammalt utstyr, låg kapasitet og begrensa kvalitet for Gursken sin del. Råvasskvaliteten til Sædalsvatnet overstig Mattilsynet sine tilrådingar på farge og turbiditet i periodar.

Mattilsynet meiner difor det vil vere fornuftig å planlegge for fullreinsing om Sædalsvatnet blir valt som råvasskjelde.

Straksløysing

Straksløysinga, som Mattilsynet godkjenner, går ut på å starte bygging av nytt vassbehandlingsanlegg i Gjerdsvika som også skal levere vatn til Gursken. Vidare skal transportsystemet tilretteleggast slik at heile Gursken får vatn frå Sædalsvatnet.