– Vi håper utbygginga av parkane vil bli eit godt komplementært tilskot til handel og annan aktivitet i sentrum, og at tilboda såleis styrkar kvarandre.

Det seier planleggar og folkehelsekoordinator Tanja Rafteseth i Herøy kommune.

Administrasjonen er i desse dagar i ferd med å avslutte bearbeidinga av skissene til den planlagde Solparken ved sidan av Valaker i Fosnavåg sentrum.

– Kommunestyret skal ta stilling til om dei vil vedta omreguleringa, seier Raftseseth.

Plassen er i dag nytta som parkeringsplass. Eit forslag til omregulering av området har lege ute til offentleg ettersyn frå 4. desember til 19. januar.

– Men vi ser no at vi kunne tenkje oss å endre litt på konseptet i den første skissa. Sluttresultatet vert nok litt annleis enn det som låg ute til offentleg ettersyn, seier Rafteseth.

Ein roleg møteplass

– Eg trur parken kan bli ganske spennande viss vi får igjennom det vi har tenkt, seier Rafteseth.

Anlegget skal i hovudsak vere ein møteplass med gode sitjeplassar. Ein del av desse vil kunne nyttast som uteserveringsareal for Valaker.

– I tillegg vert det høve til leik. Utfordringa er at der er mykje akustikk i området, og leiken skal ikkje verke forstyrrande for dei som vil sitje å ete og prate. Difor er den leiken som er planlagt valt spesielt ut for dette området, slik at der ikkje vert for mykje støy. Mellom anna held vi på å leggje til rette for ein type vassleik, som vi trur kan bli eit veldig spennande element, seier Rafteseth.

Klatreparken

Meir høglydt leik er elles å forvente i den komande klatreparken.

– Ferdigstillinga av denne skjer i september. Dei som skal setje den opp kjem allereie i april, for å setje opp stolpane. Tauverket kjem på plass i september, seier Rafteseth.

Tida i mellom skal det aktuelle firmaet bruke på andre prosjekt andre plassar, samtidig som stolpane får «sette seg».

Også ein møteplass

I tillegg til sjølve klatreelementa, er der planlagt både universelt utforma benkar, sykkel-

stativ, grillar, og leikeapparat i Parken.

– Alt dette inngår i byggetrinn 2, men vi håper å få starta på dette samtidig som arbeidet med klatreelementa vert sett igang, seier Rafteseth.

Arbeidet i byggetrinn 2 vil bli utført på dugnad av Fosnavågaren Velforeining.

– Vi jobbar for tida med å skissere plasseringa av dei ulike elementa, seier Rafteseth.

Med tida har velforeininga også planar om å setje opp ein gapahuk i parken.

Drikkefontener i begge parkane

– Vi prøver å få tak i tappekraner for drikkevatn til begge parkane. Det er eit viktig element i forhold til folkehelseperspektivet. Med desse kranane, som er fritt fram for alle, kan folk sløkke tørsten eller fylle flaskene sine. Dette er ganske vanleg i mange andre byar, seier Rafteseth.