I den første veka etter fødselen vil kalven liggje heilt i ro i graset og stole på kamuflasjen sin då han ikkje klarer å springe frå eventuelle rovdyr. I denne perioden vil kolla berre oppsøke ungen når han skal die.

Etter ei vekes tid er kalven sterk nok til å følgje mora. No vil han alltid vere i nærleiken. Dette forholdet varer i rundt to år for bukkar, medan koller kan halde seg saman med mora i fleire år.

Sjølv om kolla har kalvar med seg vil ho uansett føde ein ny kvart år. Som eit resultat kan ein ofte sjå faste grupper med nært slekta individ, men generelt er ikkje hjorten eit flokkdyr.

Full fart i sommarhalvåret

Bukkane feller geviret om våren og det vil i løpet av dei neste fire månadane vekse ut eit som er større enn det førre.

Geviret veks raskt og kan under gunstige forhold vekse heile 2 cm i døgnet. Det er først i 10 års alderen at bukken utviklar dei største gevira med mellom 10 og 14 takkar. Etter 12-års alderen vil geviret bli gradvis mindre igjen.

I løpet av sommaren vil hjorten leggje på seg så mykje som råd. Dette gjeld spesielt bukkane, for når brunsten startar i september vil han vere så opptatt med å kjempe for kollene at han rett og slett ikkje har tid til å ta til seg nok næring.

I denne perioden kan ein bukk misse bortimot 30 % av kroppsvekta si. Dette har mykje å seie når vinteren kjem og ryddar vekk dei svake individa.

Her ute på øyane har hjorten det litt lettare enn innlandsstamma, for havet held klimaet relativt mildt og gjer det mogleg å finne mat også i vinterhalvåret.

Fleire dyr skapar problem

Den auka bestanden av hjort tærer sterkt på floraen. Nokre stadar er det rett og slett for lite mat, og som eit resultat får ein mindre og svakare dyr enn normalt.

Eit anna uønskt element ved større hjortebestandar er flåtten dei ber med seg. Desse små parasittane spreier sjukdommar som er farlege for både menneske og dyr.

Eit faktum er at flåtten tek livet av fleire sauer i Noreg enn det heile rovdyrstamma gjer til saman!